Landsmøte i Norges Fiskarlag

Førstkomande fredag åpnar landsmøtet i Norges Fiskarlag på Royal Garden Hotell i Trondheim. Landsmøtet skal behandle fleire viktige og vanskelige saker både for organisasjonen og for fiskarane.

Når landsmøtet vert samla førstkomande fredag, så er det for 41.gang sidan Fiskarlaget vart stifta i 1926. Fiskarlagets landsmøte har alltid vore ein arena for å skape fiskeripolitikk, men det er også ein arena der spenningane tidvis er store mellom ulike intersser.  

Den vanskeligaste saka på årets landsmøte blir truleg spørsmålet om ei strukturkvoteordning for flåten mellom 10-15 m, men organisasjonsutvalgets innstilling byr også på utfordringar om korleis landsmøtet vil stikke ut nokre kursar for framtida.  Leiar i Norges Fiskarlag Reidar Nilsen vil også samle sine kollegaer frå Danmark-Sverige-Færøyane og Irland for å utforme ei felles fråsegn mot det uregistrerte fisket i Barentshavet, melder Norges Fiskarlag.

Publisert: 05.10.2005 , 08.15


Siste saker

X