Lisbeth Berg-Hansen

Lisbeth vil satse vidare på torskeavl i Tromsø

Tromsø: Lisbeth Berg-Hansen lova midla til vidare offentleg satsing i sin helsingstale på Nofima si ti-årsfeiring for avlsarbeidet på torsk. Men klausulen er at næringsaktørane også satsar vidare.

Kari Johanna Tveit I går feira Nofima ti år for arbeidet med torskeavl på forskingsstasjonen på Kraknes utanfor Tromsø, og i sin helsingstale lova fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen vidare satsing med offentlege midlar.

Men ho framheva også at satsinga er heilt avhengig av at vi har ei næring som jobbar vidare med dette.

Sidan Lisbeth Berg-Hansen var statssekretær då midlane for satsing på torskeavl i Tromsø vart lagt inn i statsbudsjettet første gongen for ti år sidan, hugsa ho svært godt det som skjedde. Men framheva også at det har skjedd mykje sidan den gong.

-No veit dei fleste at dette handlar om ei næring som slit, og at mange har tapt mykje pengar gjennom dette ti-året, sa Berg-Hansen til forsamlinga på Kraknes. Men ho framheva at det finst fleire lyspunkt, og viste mellom anna til at vi kan finne blodferske torskeprodukt i ein del butikkar.

 

Lisbeth Berg-Hansen og Knut Bråthen (Skei Marinfisk)

Lisbeth Berg-Hansen lova vidare satsing på torskeavl dersom næringsaktørane også satsar vidare. Her står ho saman med Knut Bråthen i Skei Marinfisk

Avl er avgjerande for utvikling

Statsråden sin faglege bakgrunn gjorde det også mogeleg for henne å ta opp problemstillingar knytt til avl, og ho framheva kor viktig dette er for å få til ein god torskeproduksjon. Ho viste mellom anna til at Noregs Forskingsråd meina ein treng mellom 10 til 20 år berre for å få fram nødvendig kompetanse på området. Og i tillegg så er ein heilt avhengig av å ha næringsaktørar som er villige til å satse.

Treng både villfanga og oppdretta

Sjølv om Noreg har ein av verdas største torskestammar, så betyr ikkje det at vi ikkje treng å satse på oppdrett.

– Verda treng meir mat, sjømat er sunt, og havets åker er så langt veldig lite utnytta. Og så er det også slik at dei kresne kundane vil ha torsk heile året, og ikkje berre i sesongane for villfisk. Og det betyr at vi må klare å vere leveringsdyktige dersom vi skal drive med dette, sa Statsråden og framheva at kombinasjonen mellom villfanga, levandelagra, og oppdretta torsk vil gagne heile kvitfisknæringa.

Men ho påpeika også sterkt at ei vidare utvikling av næringa er heilt avhengig av at ein klarer å vere berekraftig, og at ein absolutt ikkje må utsette dei ville torskebestandane for risiko.

Også viktig med vidareforedling

Til slutt påpeika Lisbet Berg-Hansen behovet for å satse på vidareforedling i Noreg, og å skape fleire arbeidsplassar. Og ho viste til målet om å bli verdas største sjømatnasjon og til arbeidet med stortingsmeldinga som skal kome.

Publisert: 31.05.2012 , 07.45


Siste saker

X