Yngve Myhre

Må fokusere på biologi, drift og kostnadar

Tromsø: God biologisk kontroll, fokus på drift og fokus på kostnadar er Yngve Myhre i Salmar si oppskrift på kva som må til for å takle opp- og nedturar i laksenæringa. Konsernsjefen heldt innleiing på Ewso sitt nyttårsmøte i Tromsø.

Kari Johanna Tveit Konsernsjef Yngve Myhre i Salmar hadde fått i oppdrag å snakke om kva som skal til for å takle opp- og nedturar i havbruksnæringa på Ewos sitt årlege nyttårsmøte som vart arrangert i Tromsø før helga.

Og for helgelendingen som tok over stillinga som konsernsjef i Salmar etter Leif Inge Nordhammer i mai i fjor, er det biologi, produksjon og kostandar som står i fokus.

Viktig med gode haldningar I fylgje Myhre er Salmar slik selskapet står fram i dag eit resultat av langsiktig satsing, og i dei åra det har eksistert har dei hatt ein årleg volumvekst på 25 prosent. Marginane for selskapet har i hovudsak tatt seg opp, og Myhre framheva ovanfor forsamlinga at det i tida som kjem er veldig viktig å ha fokus på kostnadar.

Men i dette arbeidet er det heilt avgjerande at ein ser samanhengen mellom god biologi og god økonomi. – Og så handlar det om å ha gode haldningar, noko som inneber at vi må ha respekt og omtanke både for dei som jobbar i selskapet og for fisken, sa Myhre til forsamlinga.

Ingen grunn til og vere flau Når det er snakk om rømming framheva konsernsjefen ovanfor forsamlinga at ein må brette opp armane og jobbe aktivt for å løyse utfordringane. Men når det gjeld luseproblematikken så ser han ikkje at næringa har grunn til å vere flau. – Lusetala for 2011 viser at innsatsen har gjeve gode resultat. Og vi løyste utfordringane knytt til bruk av antibiotika i lakseoppdrett og utvikla vaksinar, og det same må vi gjere med dei biologiske utfordringane vi har no, sa Myhre.

Framtidig utvikling Utanom auka fokus på kostnadar nemner konsernsjefen i Salmar, meir vidareforedling og arbeid for å sikre tilgangen på lokalitetar, som sentrale faktorar i det arbeidet selskapet vil fokus på i tida som kjem. I tillegg meina han det vil vere avgjerande at aktørane i næringa lagar samfunnsrekneskap for å synleggjere potensiale. -Det kan kanskje gi oss betre handlingsrom for vidare utvikling, sa Myhre til forsamlinga og la til at han, på lik linje med stortingspolitikar Irene Lange Nordahl som heldt innleiing på Nordnorsk havbrukslag si årssamling dagen før, har stor tru på mogelegheitene i Nord Noreg.

Publisert: 17.01.2012 , 07.00


Siste saker

X