Villaks som hopper

– Mange rekordfangstar i sør

Etter første helga i laksesesongen kan lokalavisene melde om mange rekordfangstar som er tatt i elvane frå Trøndelag og sørover. Mykje tyder på at havforskar Jens Christian Holst får rett i at 2012 blir tidenes laksesesong.

Kari Johanna Tveit

I dei fleste norske lakseelver starta sesongen for fisket første juni, og sjølv om vasstemperaturane ifylgje erfarne laksefiskarar har vore litt i lågaste laget kan avisene melde om mange heldige fiskarar som har fått sine rekordfiskar, og om store fangstar som er tatt opp den aller første helga i sesongen.

Melde om rekordsesongen på førehand

Før laksesesongen starta melde Jens Christian Holst ved Havforskingsinstituttet at det kjem til å bli eit eventyrfiske i elvane i Sør-Noreg i 2012. Og reportasjane i lokalavisene langs kysten så langt kan tyde på at Holst får heilt rett.

Jens Christian Holst

Havforskar Jens Christian Holst trur det blir mange store laksar som bit på kroken i elvane i Sør-Noreg i år.

Les oppslag frå sesongstart i lokalaviser her.

Oppslag frå sesongstart 02.06.12

Oppslag frå sesongstart 03.06.12

Oppslag frå sesongstart 04.06.12

Sjekk laksebørsen i Namsenvassdraget

 

 

 

Publisert: 05.06.2012 , 07.40


Siste saker

X