Møre Marin treng pengar

Torskeoppdrettselskapet Møre Marin i Sandøy i Møre og Romsdal er på jakt etter kapitalsterk partnar for å utvikle selskapet.

Sunnmørposten skriv at Møre Marin har hamna i ein vanskeleg økonomisk situasjon som selskapet ikkje klarer å kome seg ut av dersom dei ikkje finn ein kapitalsterk partnar som kan være med å utvikle selskapet.

– Det er vanskeleg å kome opp i den produksjonen som trengst for å få kostnadene ned. Det er stort potensial, men vi må ha store volum slik at stordriftsfordelar kan utnyttast, seier Kjell Audun Aasen i Møre Marin til Sunnmørsposten. Til no har dei satsa på oppfôring av villfanga torsk. Selskapet har fire konsesjonar på to lokalitetar i Sandøy. – Eg trur det beste partneren ville vere eit etablert lakseselskap. Då kunne vi få til eit finansielt samarbeid og til ei viss grad eit driftsmessig samarbeid, seier Aasen til Sunnmørsposten.

Publisert: 31.10.2005 , 07.00


Siste saker

X