Monica Mæland og Per Sandberg. Foto: Therese Soltveit

Møter næringslivet for å diskutere brexit

Næringsministeren, fiskeriministeren og EØS- og EU-ministeren møter næringslivet for å informere om regjeringa sitt arbeid med brexit og få innspel til prosessen vidare.

– Brexit går over i ein ny fase no som statsminister Theresa May formelt har starta prosessen med utmelding frå EU. Vi har jamn kontakt med både britane og EU, men treng også viktige innspel om kva behov norsk næringsliv har når Storbritannia går ut av EU, seier næringsminister Monica Mæland (H) i ei pressemelding.

Nest etter olje og gass, er sjømat det vi sel mest av til britane. Storbritannia har dessutan store havområde som grensar til Noreg, og vil vere ein sentral part i Nordøst-Atlanteren på fiskeriforvalting når landet ikkje lenger er del av EU sin felles fiskeripolitikk.

Vi må bli einige om fordelinga av fiskekvoter mellom EU, Noreg og Storbritannia. Vi må få på plass eit nytt avtaleverk, regulere tilgangen til å fiske i kvarandre sine soner for felles bestandar, og etablere nye løysingar i bytteavtalen, seier fiskeriminister Per Sandberg (FrP).

Noreg sin handel med Storbritannia er i dag regulert av EØS-avtalen.

– Noreg er tett integrert i den indre marknaden gjennom EØS-avtalen, og er såleis ikkje ein regulær tredjepart. Vi har tett dialog med EU om dei deler av forhandlingane mellom Storbritannia og EU som gjeld den indre marknaden, seier EØS- og EU-minister Frank Bakke-Jensen (H).

Dette er andre gong regjeringa møter næringslivet for å diskutere brexit. Førre møte var i august 2016.

Publisert: 08.05.2017 , 08.46


Siste saker

X