Sjøanlegg på Frøya. Foto: Erik Røed.

Næringa deler erfaringane med drift av grøne løyve

Visste du at manetoppblomstring kan vere ei større utfordring i lukka merdsystem enn i opne anlegg, at ein også får lus i lukka anlegg og at jo større fisk dess større sjanse for oksygendropp når ein bruker luseskjørt?

Dette og mykje meir kan du lese i dei første årsrapportane, som deler kunnskap frå teknologiske og driftsmessige løysingar knytt til grøne løyve i gruppe A, B og C, og som no er publisert på fiskeridir.no. I rapportane fortel oppdrettsnæringa om gode og dårlige erfaringar knytt til utprøvinga av vilkåra i dei grøne løyva, melder direktoratet i ei pressemelding.

Stimulere til ny teknologi

Eit sentralt formål ved tildelinga av dei grøne løyva var å stimulere til utvikling av nye teknologiske eller driftsmessige løysningar som legg til rette for å redusere miljøutfordringene i næringa. Vi tildelte 45 løyve i gruppe A, B og C, og i tillegg skulle 35 «ordinære» løyve i gruppe A og B konverterast innan to år.

Eit vilkår å dele erfaringane

Den hausta kunnskapen kan vere viktig i den vidare utviklinga av havbruksnæringa. Derfor var det eit generelt vilkår ved tildelinga av desse løyva, at erfaringane frå arbeidet med løysingane skulle delast og komme heile akvakulturnæringa til gode.

Oppdrettarane skal samle og gjere tilgjengeleg data, erfaringar og evalueringar i ein årleg rapport og publisere denne på selskapets nettsider.

Alle blir samla på fiskeridir.no

Rapportane skal og sendast til Fiskeridirektoratet, kor dei har laga ei eiga side på fiskeridir.no der dei vil publisere alle rapportar og anna informasjon om grøne løyve slik at dette er tilgjengeleg for alle.

Publisert: 26.05.2017 , 12.12


Siste saker

X