Nei til torskeoppdrett

Administrasjonen i Radøy kommune rår ifrå å gje løyve til torskeoppdrett i Mangersfjorden og Lurefjorden.

To selskap har søkt om løyve til å driva oppdrett av torsk i sjøområda i Radøy kommune i Hordland. Selskapet Marine Harvest Norway AS og Cod Marine Farms har kasta sine auge på Radøy. Dei søkjer om oppdrett av både torsk og hyse, skriv avisa Nordhordland. Lokale fiskarar, fast busette og hytteeigarar har alle protestert. Fiskarane har tidlegare uttalt at slikt løyve vil rasera fisket i området, fordi oppdrett bandlegg store område. Det vert også vist til risikoen for at rømt oppdrettsfisk på sikt skal øydeleggja den ville fisken. Fiskarane protesterer mest mot å opna for torskeoppdrett i Lurefjorden. ? Dette kan ikkje på nokon måte bli godtatt, heiter det i uttalen frå Nordhordland fiskarlag. 13 fast busette og hytteeigarar på Toska har og protestert fordi dei meiner miljøet vert trua av oppdrett, og at det allmenne høvet til rekreasjon vert forringa, skriv avisa.

Publisert: 28.04.2003 , 07.00


Siste saker

X