Brit Uglem Blomsø

Nielsen får sterk motstand

Arne Nielsen i Orkla Fellesforvaltning sine påstandar om situasjonen for villaksen og årets fiske skaper debatt. Brit Uglem Blomsø i FHL og sjølaksefiskar Nils Fløystad er sterkt ueinig i påstandane hans, medan Jens Christian Holst ved Havforskingsinstituttet ber alle om å sette seg ved same bord.

Kari Johanna Tveit Brit Uglem Blomsø i FHL og sjølaksefiskar Nils Fløystad kjenner seg ikkje igjen i Arne Nielsen i Orkla Fellseforvaltning sine påstandar om situasjonen i årets laksefiske. Dei meina Nielsen bør sjekke tilhøva litt betre før han uttalar på generelt grunnlag.

I ein artikkel i Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no i går hevda Nielsen at det er lakselusa som må ta skulda for at det har kome så lite smålaks og mellomlaks opp i elvane i Trondheimsfjorden no i juli og august. Men dette er ikkje Brit Uglem Blomsø i FHL einig i.

– I artikkelen seier Arne Nielsen at smolten som gjekk ut i havet i 2010 og 2011 vart utsett for mykje meir lus enn den vart i 2009, noko han tolkar som årsaka til at det er lite smålaks og mellomstor laks som vender attende til elvane i år. Men på oppdrettsfisken har vi hatt ein reduksjon i lusemengda dei to siste åra, samanlikna med 2009, så eg ser ikkje at det er ein samanheng her, seier Brit Uglem Blomsø i FHL til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.

Ho trur det er mange faktorar som kan virke inn, eksempelvis næringstilgang i havet og mykje kaldt vatn i elvane, slik Orkla Fellesforvaltning har sagt sjølv tidlegare i sommar.

Brit U. Blomsø

Brit Uglem Blomsø i FHL påpeika at lusemengda på oppdrettsfisken har gått ned dei siste åra.

Vil svare for seg sjølv

Sjølaksefiskar Nils Fløystad frå Kvisvik i Møre og Romsdal er heller ikkje einig i Arne Nielsen sine påstandar. Han meina elveigaren i Orkla burde orientert seg litt betre før han uttala seg offentleg om situasjonen for sjølaksefiskarane i Midt Noreg.

– Vi har hatt eit fantastisk fiske i sommar, og dersom ein reknar ut frå fisketid så har ikkje fiskarane i Sunndalsfjorden på Nordmøre fått så mykje på 60 år. Også i Halsafjorden har vi hatt eit markert betre fiske enn i fjor. Vi har også fått fisk i alle vektklassar, så eg vil be Arne Nilsen om å ikkje uttale seg på våre vegne utan at han har sjekka ut realitetane på førehand, seier Fløystad til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.

Jens Christian Holst

Jens Christian Holst ved Havforskingsinstituttet ber no partane om å sette seg ved same bord. Han meina det er på tide å få fram data på ein skikkeleg og ryddig måte.

På tide å sette seg rundt bordet

Jens Christian Holst ved Havforskingsinstituttet uttrykte tidlegare i år til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no at vi er inne i periode med mykje stor fisk som vender attende til elvane. Dette meina han handlar om kor god mattilgang laksen har på beiteområda, men denne debatten i media ønskjer han eigentleg ikkje å vere ein del av.

-No meina eg det er på tide å sette seg ved bordet saman med sentrale aktørar innan norsk lakseforvaltning. Vi må kunne klare å konstruere eit organ der vi kan diskutere desse tinga, og der data kjem på bordet på ein skikkeleg og ryddig måte, seier Holst.

Er ikkje nokon sin mann

Men sjølv om han ikkje vil uttale seg om sjølve saka akkurat no, så har han likevel ein kommentar til at Jeger og Fisk har omtala han som ein støttespelar for oppdrettarane i diskusjonen om oppdrettsnæringa sin innverknad på villaksen.

– På ein konferanse tidelgare i år fekk eg vite at eg skulda oppdrettarane tre milliardar kroner fordi eg har vore delaktig i at dei har vore nøydde å endre luseregimet, så eg trur ikkje at alle i havbruksnæringa ser på meg som sin mann, seier Holst til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.

Publisert: 09.08.2012 , 07.13


Siste saker

X