–FN sitt berekraftmål nummer 14 om berekraftig bruk av havet må koplast med FN sine mål nummer ein og to om å hindre svolt og fattigdom. Det seier Ole Arve Misund, direktør for NIFES. Foto: Torhild Dahl.

NIFES-direktør held foredrag for FN

NIFES-direktør Ole Arve Misund skal til FN sin havkonferanse i New York for å halde foredrag om sjømat og berekraft. –Sjømat kjem til å bli avgjerande for å nå FN sine berekraftmål, seier han i ei pressemelding.

FN har sett som sitt berekraftmål nummer 14 at hava og dei marine ressursane skal forvaltast på ein berekraftig måte. Samtidig har dei sett som mål nummer ein og to at ein skal kjempe mot svolt og fattigdom i verda.

–For å nå dei to første FN-måla om å hindre svolt og fattigdom er det heilt avgjerande at vi lukkast med å forvalte hava våre på ein berekraftig måte. Det seier Ole Arve Misund, direktør for Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning (NIFES) i ei pressemelding.

Held foredrag på FN sin havkonferanse i New York

Misund er invitert til å halde foredrag i dag under FN sin store havkonferanse i New York. Konferansen går over fem dagar, og Misund skal halde sitt innlegg som del av det offisielle programmet på ein sidekonferanse som Noreg arrangerer. Misund skal snakke om dei norske erfaringane med berekraftig bruk av havet for matsikkerheit og ernæring.

–I Noreg har vi klart å få fram stort sett berekraftig fiskeri gjennom forskingsbasert rådgjeving og god forvalting. Samtidig har vi skapt ei stor akvakulturnæring der vi rett nok ser at der er miljøutfordringar. Vi har allereie stor forskings- og innovasjonsaktivitet for å løyse desse utfordringane, og klarer vi det kan vi auke produksjonen ytterlegare, seier Misund.

Ein blå åker for ei veksande verdsbefolkning

I dag kjem berre to prosent av maten frå havet, medan heile 50 % av fotosyntesen skjer nettopp der. Med eit veksande folketal i verda ser ein på havet som ein blå åker der ein kan auke matproduksjonen for at det skal bli nok til alle. Det er då svært viktig at ein tek i bruk all forsking og kunnskap som ein har for å hindre negative følgjer som til dømes overfiske og ureining av hava. Misund meiner Noreg har mykje å bidra med på dette området.

–Vi har ordna oss med eit godt system for å overvake mattryggheita og sikre oss at maten vi et er trygg og sunn. Vi forskar både på dei positive og dei negative helseeffektane av fisk og sjømat, og vi overvakar heile kjeda frå fôr, via fisken si helse, til kvaliteten på sjømaten og effekten denne har på folk si helse. Noreg er også sterke på forsking rundt havmiljø og fiskeri, seier Misund.

Ambisjon om å produsere meir

Noreg har alltid vore eit land som er avhengig av havet både for mat og for handel, og i dag er Noreg den nest største sjømateksportøren i verda, etter Kina. I ei tid med sviktande oljeinntekter har norske styresmakter ein ambisjon om å auke verdiskapinga frå havet.

–Det er klart at Noreg har ein eigeninteresse, men vi er også forplikta til å strekkje oss mot FN sine mål. Vi er av den meining at sjømat og mat frå havet vil vere viktig for ei veksande befolkning i verda i åra som kjem, seier Misund.

Publisert: 06.06.2017 , 09.23


Siste saker

X