«Nordkappjenta» vert politietterforska

Fiskeridirektoratet melder "Nordkappjenta" til politiet etter storkontrollen som blei gjennomført i Måløy ifjor.

Årsaka er for mykje bifangst av blåkveite. Underdirektør Einar Ellingsen i Fiskeridirektoratet stadfestar overfor Fjordenes Tidende at dei vil sende saka over til Statsadvokaten i Trom og Finnmark. Ellingsen vil overfor avisa ikkje seie noko om storleiken på bifangsten, men stadfestar at det var for mykje. Leiar i reiarlaget Ervik Havfiske som eig båten, Stig Ervik, stiller seg uforståande til handteringa. – Fangstdagboka stemmer overeins med det kvantumet som faktisk var ombord, sier han til Fjordenes Tidende.

Publisert: 16.01.2003 , 07.00


Siste saker

X