Ny assisterande fiskeridirektør

Liv Holmefjord er tilsett som ny assisterande fiskeridirektør i Fiskeridirektoratet. Ho kjem frå stillinga som direktør ved Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, avdeling Hordaland. Der har ho vore sidan 1997.

Liv Holmefjord har solid leiarerfaring og betydeleg styrekompetanse. Ho har brei erfaring frå fiskeribransjen, blant anna har ho vore konstituert administrerande direktør i Statens Fiskarbank og kontorsjef same stad står det i ei melding frå Fiskeridepartementet. Frå 1988 til 1990 var Holmefjord konsulent i Fiskeridirektoratet, før det arbeidde ho som forskningsassistent ved Norges Handelshøyskole (NHH). Ho starta karrieren i 1986 som fiskeristipendiat ved den norske ambassaden i London. Liv Holmefjord er utdanna siviløkonom ved NHH.

Publisert: 30.10.2003 , 07.00


Siste saker

X