Ny båt erstattar

Reiarlaget Carisma Management er no på jakt etter erstatning for linebåten "Vestkapp" som vart totalskadd av brann like før jul.

Arild Årvik i reiarlaget seier til Fjordenes Tidende at dei har engasjert «Polarbris» til å fangste kvota for «Vestkapp». – Vi er glade for ordninga med havarikvote. Det gir oss god tid til å finne ein erstattar for «Vestkapp», som har tre kvoter på tilsaman 780 tonn tosk og hyse, rund vekt.

Publisert: 16.01.2003 , 07.00


Siste saker

X