Ny direktør ved Havforskningsinstituttet

Tore Nepstad (52) er tilsett på åremål som administrerande direktør ved Havforskningsinstituttet. Nepstad kjem frå stillinga som viseadministrerande direktør ved Helse Bergen HF, står det i en pressemelding.

Tore Nepstad har ein lang og variert bakgrunn som leiar av tyngre kompetansemiljø. Han er utdanna ved Sjøkrigsskolen og har i tillegg etter- og vidareutdanning, blant anna via Lederopplæringsrådet. Åremåltilsettinga gjeld for seks år.

Publisert: 07.11.2003 , 11.48


Siste saker

X