Offentlege tiltak skaper problem

Ola Braanaas var klar i talen under den åpne debatten på Sogn og Fjordane og Hordaland sin stand på Aqua Nor.

Tema for debatten var: Rammevilkåra for veridiskaping -til hinder eller til hjelp? I fylgje Braanaas så blandar politikerane seg med meir enn dei bør. Dagens situsjon er prega av eit politisk dårleg handtverk. Det er lenge sida han har mista trua på dei kollektive tiltaka. -Hovudoppgavene for det offentlege bør og må vere å sikre marknadstilgangen. -Vi må vere kostnadseffektive, og det må politikerane forstå. – Dei som er utafor banehalvdelen, dei må berre vere utafor. -Slik det er akkurat no er det tilgangen på kapital som er begrensande for næringa, og det er bra i fylgje Braanaas. Både Sveinung Sandvik frå Vestnorsk Havbrukslag og Audun Wiborg i Bergen næringsråd var enige med Braanaas i at politikerane ikkje bør blande seg inn på fleire felt en det som er nødvendig. Først og fremst vil dei at politikerane skal passe på miljøet. Heidi Grande Røys frå Sosialistisk Venstreparti ville helst at politikerane skal vere med å påverke strukturen i næringa, men Braanaas var klar på at det er marknaden som skal regulere strukturen og ikkje politikerane. Grande Røys vil ha meir midlar til forskning og utvikling, men i fylgje Wiborg, så evna ikkje næringa å ta i bruk dei forskningsresultata som alt er tilgjengeleg. Yes Bashier, Aquacilture Commissioner – Canada, framheva mest behovet for å opprette klare miljøstandarar som næringa må forhalde seg til. Dersom oponionen ikkje veit at næringa helde seg innafor heilt klare standarkrav når det gjelde miljøspørsmål, så har næringa eit alvårleg problem.

Publisert: 14.08.2003 , 07.00


Siste saker

X