Per Anton Sæther

– Oppdretts-næringa bør regionaliserast

Per Anton Sæther i Marin Helse meina Noreg må inndelast i oppdrettsregionar der ein utnyttar naturlege oppdrettsfrie gater. -Naturen har gjeve oss nokre områder som er godt eigna som barrierar mot spreiing av sjukdomar, og dei bør vi utnytte, seier Sæther

Kari Johanna Tveit Mattilsynet sine vedtak om at Salmar og Lerøy kunne flytte fisk frå lokalitetar med påvist PD frå områder nord for Hustadvika og inn i PD-sona, har skapt debatt i oppdrettsnæringa.

Tidlegare har kravet om utslakting av fisk som har fått påvist PD i områder nord for sona vore absolutt, og mange meina denne strategien også burde vore følgt i dette tilfellet. – Forvaltninga er no med å svekke posisjonen som Hustadvika hadde fått som einaste barriere mot spreiing av sjukdomar, seier Sæther til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no. Han er spesielt overraska over at Mattilsynet godkjenner flytting av fisk frå lokalitetar der ein har påvist PD-viruset SAV2 som ein veit svært lite om.

Bør satse på naturlege regionar Sæther meina ein bør tenke i heilt motsett retning og heller utnytte naturlege barrierar mot spreiing av sjukdom og dele kysten inn i produksjonsregionar. – Kunnskapen rundt vertikal smitteoverføring er mangelfulll, og det dukka stadig opp nye teikn på at einskilde sjukdomar kan overførast vertikalt. Så dersom vi skal få ei effektiv sperre mot spreiing av smitte må kvar region vere sjølvforsynt med smolt og rogn, seier Sæther. Regionalisering

Det optimale for norsk oppdrettsnæring med tanke på dagens og framtidas helseutfordringar vil vere å fokusere på mogelegheitene for regionalisering av oppdrettsnoreg, seier Sæther. Han meina det bør etablerast klare grenselinjer der det ikkje er lov å flytte fisk over, uansett transportmåte. Hadde desse føresetnadane vore oppfylt hadde vi hatt effektive barrierar som skulle til for å unngå å spreie nye sjukdomar unødvendig. Han meina det ville vore naturleg å dele landet i fire regionar med grenser ved Hustadvika, Folla og Vestfjorden.

 

 

Publisert: 24.01.2012 , 09.00


Siste saker

X