? Oppdrettsfisk har det verst

Oppdrettsfisk og kylling er dei dyra som har minst akseptable levekår, meiner eit fleirtal av folket. Samstundes er det slik at nordmenn har dårleg kunnskap om dyrevelferd og at det er langt mellom liv og lære.

? I forvaltningen arbeider me for å få best mogeleg kunnskap om kva som er god dyrevelferd for oppdrettsfisk, og me arbeider med å finne betre kriterium for å sikre velferden enn dei vi har i dag, seier Torkel Myklebust på Kyst- og havbruksavdelinga i Fiskeridirektoratet til nettavisa Fiskets Gang. Samstundes peiker han på at forvaltninga ikkje har høve til å synse omkring fisken si velferd. Forvaltninga må vite. ? Akseptabel fiskevelferd må liggje til grunn for eitkvart vedtak i forvaltninga uavhengig av økonomiske interesser. Men det må finnast ein fagleg grunn for dei påbod me gir næringa. Me kan ikkje basere fisken si velferd på tru og haldningar åleine, seier Myklebust. Levekår framfor pris Folket si oppfatning om oppdrettsfisken si velferd kjem fram i ei undersøking Statens institutt for forbruksforskning (SIFO) har gjort for Statens dyrehelsetilsyn. Dyrevelferdundersøkinga byggjer på telefonintervju med 1000 tilfeldig valgte forbrukarar i Noreg hausten 2002. I undersøkinga hevdar 80 prosent av dei spurde at dei set dyra sine levekår framfor pris på matvareprodukt, medan berre 38 prosent seier at dei verkeleg bevisst har late vere å kjøpe bestemde matvarer av di dei ikkje likar korleis dyra har hatt det. Det er ikkje uventa svært mange som tenkjer på dyrevelferd når dei blir vist sterke scener knytta til dyrehelse i media. Samstundes er det relativt få som seier dei tenkjer på korleis dyra har hatt det når dei handlar kjøt, og endå færre som tenkjer på det når dei handlar fisk. ? Undersøkinga viser at folk er opptekne av dyrevelferd, óg når det gjeld fisk. Men kunnskapsnivået er ikkje spesielt høgt, og det er ei utfordring både for næringa og for oss i forvaltningen, seier Myklebust. Takast på alvor Like fullt skal ein ta alvorleg at folk flest seier dei vil setje dyra sine levekår føre pris. Om tanken ikkje stemmer heilt overeins med handlingane i dag, kan det oppfattast som eit tekn på den utviklinga som kjem. Det er sannsynleg at fleire og fleire set krav til dyra si velferd når dei vurderer kvaliteten på ei matvare. ? Forbrukarane blir truleg berre meir og meir opptekne av korleis dyra som hamnar på matfatet har vorte behandla. Det handlar om dyra si velferd for dyra si eigen skuld, men det handlar óg om ei overtyding om at «lukkelege» dyr er sunne dyr, som igjen har til følgje at vi får helsebringande produkt på matborda våre, seier Myklebust, og legg til: ? Me slit med ei forestilling hjå folk om at forholda er spesielt dårlege for oppdrettsfisk og at bruken av medisiner er utstrakt. Me har ikkje makta å kvitta oss med eit inntrykk som vart skapt for meir enn 10 år sidan.

Publisert: 05.03.2003 , 12.38


Siste saker

X