Dag Lindebjerg

Oppdrettsnæringa er framtida for mange kystsamfunn

Sjømatdagane: -Eg trur oppdrettsnæringa er framtida for mange samfunn på kysten, men det betyr også at det må vere ei næring der alt er strøkent. Det sa Dag Lindebjerg i NRK til oppdrettarar og andre som deltar på NSL sine Sjømatdagar på Hell.

Kari Johanna Tveit Dag Lindebjerg hadde avslutningsføredraget første dagen av Norske Sjømatbedrifters Landsforeining (NSL)sine årlege sjømatdagar på Hell.

Og den kjende NRK journalisten klarde å skape engasjement blant tilhøyrarane i sjømatnæringa. Han snakka om opplevingar og plassar han har vore i samband med produksjon av alle reiseprogramma, men det det var næringslivet som drivkraft for vidareføring av kystkulturen som fekk mest merksemd.

Oppdrettsnæringa er skapande for lokalsamfunna Sjølv om oljenæringa har gjeve oss velstand så var Lindebjerg klar og tydelig på at han meina det er heilt feil å tømme havet for olje over ein periode på berre nokre få generasjonar. Han syns vi skal satse på utvikling av ressursar som vi ikkje brukar opp, og han trur havbruksnæringa kjem til å vere avgjerande for mange lokalsamfunn i framtida.

Dag LindebjergDag Lindebjerg har eit levande engasjement for kysten og kystkulturen, og han trur oppdrettsnæringa vil vere drivande for mange lokalsamfunn i framtida.

Lindebjerg hadde fleire eksempel på samfunn der havbruksnæringa er drivaren bak utviklinga, og han starta med historia om Lovund yttarst i havgapet på Helgeland. – Her brukar dei oppdrettsnæringa til å skape eit aktivt lokalsamfunn, og det er denne næringa som er drivaren både med tanke på arbeidsplassar og kulturutvikling, sa Lindebjerg til forsamlinga.

Og så fortsette han til Gulen kommune på kysten av Sogn og Fjordane – Her har lakseoppdrettar Ola Braanaas gjert suksess både som oppdrettar og som kulturbyggar. I tillegg til satsinga på laks har han restaurert den gamle handelsstaden Skjerjehamn der det no vert gjennomført arrangement med mange tusen besøkande. Og kjøpet av statua av Kong Olav som dei ikkje ville ha i Oslo, var med å trekke heile det norske pressekorpset til Skjerjehamn. Og gjennom dette arbeidet har Ola Braanaas tatt eit enormt ansvar for omdømet til havbruksnæringa, sa Lindebjerg til deltakarane på Sjømatdagane, og la til at han blir glad av å komme til slike plassar og sjå kva som er mogeleg å få til.

Kystkultur er alt vi gjer på kysten Kystkulturen er etter Lindebjerg sin definisjon alt vi driv med på kysten, og det er desse næringane som finansierar landet. – Det viktigaste vi gjer er å drive kystnæringane, og eg skal fortsette og synleggjere kulturen og entusiasmen til dei som bur der. Og det beste av alt er jo at eg kan komme til desse plassane utan å melde frå, for alt som er der er strøkent, sa den engasjerte journalisten og kystentusiasten til slutt.

Publisert: 18.01.2012 , 07.00


Siste saker

X