Merd anlegg

– På tide med ein offentleg debatt om Noreg som sjømatnasjon

– Frihandelsavtalar styrkjer kanskje norsk eksportnæring, men kan ha omfattande negative konsekvensar for millionar av menneske som har fisk som einaste livsgrunnlag, seier Harald Sakarias Hansen til Framtida.no. Han er leiar for ungdomsorganisasjonen til Utviklingsfondet, Spire.

Noreg er verdas nest største eksportør av fisk, og regjeringa har ambisjonar om å gjera landets vårt til den største sjømatnasjonen i verda. Gjennom EFTA inngår Noreg frihandelsavtalar over heile verda for å sikra tilgjenge til nye marknader for norsk oppdrettslaks, og fri import av fôrfisk til norsk oppdrettslaks.

– Frihandelsavtalar styrkjer kanskje norsk eksportnæring, men kan ha omfattande negative konsekvensar for millionar av menneske som har fisk som einaste livsgrunnlag, seier Harald Sakarias Hansen til Framtida.no. Han er leiar for ungdomsorganisasjonen til Utviklingsfondet, Spire.

– Uheldige konsekvensar

Ved årsskiftet lanserer regjeringa stortingsmeldinga om sjømat. Spire krev at regjeringa tek ansvar, og at det ikkje berre blir ei julegåve til dei store lakseoppdrettsselskapa, melde Framtida.no.

– Norsk lakseoppdrett har omfattande økologiske og sosiale ringverknader globalt. Det er på tide med ein offentleg debatt om Noreg som sjømatnasjon, seier Spire-leiaren til Framtida.no.

Måndag lanserte Spire ein rapport om korleis norske fiskeriinteresser står i kontrast til interessene til fattige fiskarar i Kerala-regionen i India.

Harald Sakarias Hansen var sjølv på feltarbeid i Kerala, India, i mai 2012, saman med sentralstyremedlem Hanne Margrete Johnsen.

– Her oppdaga vi at millionar av kystfiskarar ikkje føler seg inkludert i forhandlingsprosessen om frihandelsavtale med EFTA, og at dei ikkje har fått høve til å delta i den globale marknaden, seier Hansen til Framtida.no.

Stadig fleire handelsavtalar legg avgrensingar på høva til India for å forvalta sin eigen fisk. Ein frihandelsavtale mellom EFTA og India som er under forhandling skal innehalda ein investeringsdel som potensielt kan innskrenka suvereniteten til India på området. Han meiner at Noreg, som ein av dei største fiskerinasjonane i verda, har eit stort ansvar i arbeidet for ein meir berekraftig forvaltning av hava i verda. Spire krev difor konsekvensanalysar av økologiske og sosiale effektar før frihandelsavtaler blir underskrive.

Norsk landbruk blir verna med høge tollmurar fordi det er småskala, lite konkurransedyktig og har ein verdi utover matproduksjonen. Samstundes er norsk fiskeri stort, industrialisert og konkurransedyktig. I mange utviklingsland er dette motsett, og det er eit behov for å verna fiskerinæringa, skriv Framtida.no.

 

Publisert: 12.09.2012 , 07.00


Siste saker

X