Øyvind Nordsletten

– Påfallande at russerane finn feil med norsk laks

Generalkonsul Øyvind Nordsletten i Murmansk meina det er påfallande at russiske veterinærmyndigheiter har funne mange feil med norsk laks. Han trur ikkje Noreg dumpar dårleg kvalitet i Russland.

Kari Johanna Tveit Øyvind Nordsletten er no generalkonsul i Murmansk, men i perioden frå 2000 til 2008 var han norsk ambassadør i Russland. I tillegg har han også bak seg tre år som førstesekretær ved den norske ambassaden i Moskva.

I samband med at Nordsletten heldt føredrag under årets «Håp i Havet» ved Noregs Fiskerihøgskule/Universitetet i Tromsø, nytta Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no sjansen til å snakke med han om problemstillinga knytt til gjentakande utestengingar av norsk pakkeri som eksportera laks og aure til Russland.

Det handlar ikkje om sekunda vare Bakgrunnen for dei fleste utestengingane har i fylgje russiske veterinærmyndigheiter vore funn av for store mengder med uønskte bakteriar i dei norske produkta. Men Nordsletten meina det er forunderleg at land som har like strengt regelverk som Russland aldri har gjort slike funn i norsk laks og aure. – Og eg trur absolutt ikkje at det handlar om at norske sjømatprodusentar sender sekunda vare til Russland, seier Nordsletten til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.

Øyvind Nordsletten

Generalkonsul Øyvind Nordsletten i Murmansk meina det er påfallande at russiske veterinærmyndigheiter finn mange feil med norsk laks. Dette skjer ikkje med laks som vert eksportert til land som har like strengt regelverk som russerane.

Må samarbeide Men sjølv om Nordsletten meina at russiske veterinærmyndigheiter sine påstandane om funn av bakteriar i norsk laks har vore påfallande, så er den einaste løysinga å fortsette med eit seriøst samarbeid. – Men det har jo Noreg gjort heile tida frå dag ein. Vi må ta dei på alvor for russerane har mykje kompetanse, seier Nordsletten.

Dumaen ratifisera avtalen til våren Etter mange år med forhandlingar står det no berre igjen at den russiske Dumaen ratifisera Russland sin avtale om medlemskap i WTO, noko som mest truleg vil skje innan utgangen av juni i år. Men sjølv om dette betyr at dei må halde seg til regelverket og at dette mest truleg vil ha innverknad på handelen mellom Noreg og Russland, så framhevar også Nordsletten at vi ikkje må tru at dette er eit sesam – sesam for å løyse konfliktar.

Publisert: 21.02.2012 , 07.04


Siste saker

X