Knut Werner Hansen

Planlegg for vekst i nord

Tromsø: Troms Fylkeskommune førebur seg på vekst i havbruksnæringa ved å lage ein eigen havbruksstrategi. -Sjølv om havet er stort så er tilgangen på areal avgrensa, og det er viktig å ha ein strategi for å hindre konflikt, seier Fylkesordfører Knut Werner Hansen i Troms.

Kari Johanna Tveit Fylkeskommunen har ei rolle som til retteleggar og er mellom anna tildelingsmyndigheit for oppdrettskonsesjonar.

Dette er ei av årsakene til at Troms Fylkeskommune no lagar sin eigen havbruksstrategi. – Etter at vi overtok arbeidet med tildeling av oppdrettskonsesjonar frå Fiskeridirektoratet har vi fått meir innsikt i utfordringar som næringa står ovanfor, noko som igjen har auka vår bevisstheit om rolla som planmyndigheit og forvaltar, seier Fylkesordfører Knut Werner Hansen til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.

I fylgje Hansen opplever fylkeskommunen eit aukande press frå næringsaktørar som ønskjer fleire lokalitetar. I tillegg kom rapporten om effektiv og berekraftig arealbruk i havbruksnæringa, eller det såkalla «Gullestadutvalet» med si innstilling der det er snakk om utvikling i nord. – Frå fleire hald vert det no snakka om at veksten i havbruksnæringa vil komme i nord, så sjølv om havet er stort, så er tilgangen på ledig areal avgrensa og vi risikera eit høgare konfliktnivå dersom vi ikkje planlegg for denne utviklinga seier Hansen til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.

Han framhevar at Troms Fylkeskommune er positive til næringsutvikling og vidare vekst, men dette handlar også om at det skal vere ein balansegang med andre næringar. – Vi førebur oss på vekst og prøver å gjere ein god jobb. Det er jo berre kunnskap som kan hjelpe oss vidare og vi bør ha gode strategiar så vi slepp adhochandsaming i ei kvar sak, seier fylkesordføraren til slutt.

Publisert: 17.01.2012 , 10.00


Siste saker

X