Prisreduksjon på laks

Sist veke gjekk både lakseprisen og eksportert volum kraftig attende syner tal frå SSB.

Gjennomsnittsprisen på fersk laks gjekk ned med 81 øre frå 22,58 kroner for kiloen i veke 43 til 21,72 kroner i veke 44. Eksportvolumet for fersk laks gjekk ned frå 7 962 tonn i veke 43 til 6 153 tonn i veke 44. For frosen laks gjekk kiloprisen litt opp frå 24,96 kroner i veke 43 til 25,33 kroner i veke 44. Eksportert volum for frosen laks gjekk opp frå 1 062 tonn i veke 43 til 1 080 tonn i veke 44.

Publisert: 04.11.2003 , 11.26


Siste saker

X