Regulering av garnfisket etter breiflabb i 2003

Fiskeridepartementet har flytta fredingstida i garnfisket etter breiflabb ein månad ut i tid. Dette fører til at breiflabben er freda frå 1. mars til og med 30. juni 2003. Dei andre vernetiltaka er førte vidare.

– Det er nødvendig å setje inn tiltak for å sikre at vi kan ha eit godt breiflabbfiske også i framtida. Difor har eg ikkje gitt etter for kravet frå Norges Fiskarlag om at fredinga skulle opphevast, og opprettheld fredingstida på fire månader. For å redusere ulempene for enkelte av fiskarane har eg derimot flytta fredingstida i garnfisket etter breiflabb ein månad ut i tid, seier fiskeriminister Svein Ludvigsen. Det vil bli teke initiativ til å arrangere eit møte mellom Fiskeridirektoratet, Havforskningsinstituttet og næringsaktørane i god tid før 1. mars for å drøfte reguleringstiltaka.

Publisert: 03.02.2003 , 09.15


Siste saker

X