Regulering av selfangsten i 2003

Fiskeridepartementet har fastsett forskrift om regulering av selfangsten i 2003.

I Vesterisen startar fangsten av klappmyss 20. mars og av grønlandssel 10. april. I Austisen startar fangsten av grønlandssel 23. mars. Fangsten i Austisen skal vere avslutta ved utgangen av 20. april og i Vesterisen ved utgangen av 10. juli for klappmyss og 30. juni for grønlandssel. Dersom ver- og isforholda tilseier det kan fangstperiodane forlengast. Selfangsten omfattar vaksne dyr og ikkjediande ungar. Den norske kvoten i Austisen er auka med 5.000 dyr i høve til i 2002, og kvoten for 2003 er på 10.000 vaksne grønlandssel. Kvoten kan heilt eller delvis takast som ikkjediande ungar, etter ein omrekningsfaktor kor 2,5 ungar tilsvarar eitt vakse dyr. I Vesterisen er den norske kvoten 15.000 grønlandssel og 10.300 vaksne klappmyss. Her tilsvarar to ikkjediande ungar av grønlandssel eitt vakse dyr, og 1,5 ikkjediande unge av klappmyss eitt vakse dyr. Fiskeridepartementet har også fastsett ny forskrift om utøving av selfangsten i Austisen og Vesterisen, som opphevar den tidlegare forskrifta frå 1991. – Ved fastsetjinga av den nye forskrifta er det teke omsyn til at fangsten skal kunne bli meir effektiv enn den er i dag, samstundes som krava vi stiller til dyrevern og etikk vert følgde, seier fiskeriminister Svein Ludvigsen i en pressemelding.

Publisert: 12.02.2003 , 12.32


Siste saker

X