Et Plany ferskvannsbasseng som er klart til å fylle en brønnbåt fra NFT. Kapasiteten på dette bassenget er ca. 6000 m3. Illustrasjonsfoto: Plany.

Rekordomsetning og resultat for Plany

Plany landa i fjor på historisk høg omsetning, som igjen gav selskapet solid auke i resultatet. Økonomisjef Liva Christin Notøy seier til kyst.no at resultatet gav full uttelling på bonus for dei tilsette.

Selskapet hadde ei omsetning på 40,8 millioner, som tilseier ei auke på cirka fire millionar kroner. Driftsresultatet auka og. Det endte på 3,4 millionar (1,7 millionar i 2015). Selskapet fekk dermed en driftsmargin på øve ti prosent.

– Me er særs nøgd med fjoråret, der me oppnådde både historisk best omsetning og resultat. Resultatet ga full uttelling på bonus for våre tilsette, fortel økonomiansvarleg Liva Christin Notøy i Plany til kyst.no.

FoU og LED-lys

Notøy seier dei ser ei positiv utvikling også i 2017, og fortel dei har hatt ein langsiktig vekststrategi som dei jobbar målretta etter.

Økonomiansvarlig Liva Christin Notøy fortel Plany satsar enda meir innan havbruksnæringa. Foto: Plany.

– Me ligg føre omsetninga i fjor på same tid. Me ynskjer å jobbe tett med oppdrettarane for å løyse utfordringane dei står ovanfor. Derfor satser me meir innan havbruksnæringa, fortel ho. 

Hittil i år har selskapet mellom anna investert meir i forskning og utvikling.

– Dette er noko som vi kjem til å fortsette å satse på vidare.

Notøy seier og at dei utvider produktportefølgen med undervasslys, som distributør for Luxmeter.

–  Dette er LED-lys av høg kvalitet. Vi har og mellom anna nye resultat frå våre utviklingsprosjekter, så det vil kome fleire nyhende etterkvart, fortel ho.

Selskapet har for tida 19 tilsette, og har tilsett nye personar både i fjor og i år.

Publisert: 13.06.2017 , 09.00


Siste saker

X