Frode Reppe

Reppe støttar kravet om offentleg høyring

Frode Reppe og Frøya Arbeidarparti støttar Noregs Naturvernforbund og Venstre i kravet om ei offentleg høyring om oppdrettslaksens påverknad på villaksen. Han vil ha alle fakta om registreringar i elvane på bordet.

Kari Johanna Tveit Noregs Naturvernforbund og partiet Venstre har tidlegare stilt krav om at oppdrettslaksen sin innverknad på villaksen skal gjerast til gjenstand for ei offentleg høyring i regi av Kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget. Og dette kravet stille også Frode Reppe og Frøya Arbeidarparti seg bak.

– Rett skal vere rett, vi må finne sannheita og komme til botn i kva det er med oppdrettsnæringa som påverkar villaksen. Det har jo vist seg at det er feil tal som er oppgitt i rapportar om registreringar av oppdrettslaks i elvane, mellom anna frå Namsen og Alta, så vi vil gjerne vite kva som er dei rette tala i desse registreringane, og støttar kravet om ei offentleg høyring, seier Reppe til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no

Oppdrettslaksen har dårlege gyteeigenskapar

I fylgje Reppe har forsking frå elva Imsa vist at innslaget av oppdrettslaks aleine ikkje er bestemmande for genetisk forureining. Det er berre dei oppdrettsfiskane som får til å gyte som kan påverke genetikken.

– Dersom du får ei stor rømming av slakteklar laks utafor ei elvemunning, så går truleg ein del av denne laksen opp i elva, men alle klare ikkje å gyte. Forskinga frå Imsa viser at rømd hannlaks har dårleg gytesuksess. Og dette blir vanskelegare dess større vill laks han må konkurrere med. Og når det gjeld hoene har oppdrettsfisken dårlege graveeigenskapar, og dei får ofte problem med å verne rogna si, seier Reppe.

Frode Reppe

Frode Reppe og Frøya Arbeidarparti støttar kravet frå Lars Haltbrekken i Noregs Naturvernforbund og Trine Skei Grande i Venstre om ei offentleg høyring om oppdrettslaks og korleis den påverkar villaksen i elvane. Han vil ha fakta om alle registreringar på bordet.

Sprikande forsking om lakselus

Når det gjeld lakselus så er det stor usemje om kva innverknad den har på villaksen. Selskapet Rådgjevande Biologiar i Bergen har mellom anna gitt ut ein forskingsrapport om registreringar i Ryfylket som viser at det nødvendigvis ikkje er ein samanheng mellom mengde lakselus og dødelegheit for smolten som går ut om våren. Så her er det ifylgje Reppe mykje sprikande informasjon.

– Og i tillegg så må vi sjå på innsiget av villakslaks i 2010 og 2011 som har vore veldig godt. I 2011 fekk vi attende mykje tosjøvinterlaks som gjekk ut i 2009. Så det er jo eit heilt tydeleg teikn på at laksen kjem seg i havet, seier Reppe og legg til at han støttar fullt ut forslaget frå Noregs Miljøvernforbund og Venstre om ei offentleg høyring, slik at fakta kjem på border og vi får klarheit i all denne usikkerheita.

Publisert: 09.05.2012 , 07.05


Siste saker

X