Reppe vil at Hindar forklara seg

I fylgje Frode Reppe i Frøya Arbeidarparti brukte forskingssjef Kjetil Hindar i Nina heilt feile tal då han påsto at 35 prosent av laksen i valdet Sautso i Altaelva i 2010 var rømd oppdrettslaks. –Eg vil gjerne vite kvifor forskingssjefen ikkje gjekk ut å retta opp feilen då dei endeleg tala førelåg, seier Reppe.

Kari Johanna Tveit Frode Reppe meina forskingssjef Kjetil Hindar i Nina må forklare kvifor han sa til NRK Finnmark den andre desember 2010 at det var registrert 35 prosent oppdrettslaks (27 av 77) etter prøvefiske i valdet Sautso i Altaelva i Finnmark det året.

Når den offisielle rapporten frå Nina kom eit halvt år seinare var talet på oppdrettslaks endra til 14 prosent, eller 22 av 158. Og Reppe vurdera det som merkeleg at det vart gjennomført prøvefiske i perioden mellom andre og 30 desember. -I så fall har det vore fiska 81 villaks og forsvunne fem oppdrettslaksar i ein månad der det berre er to timar med tilnærma dagslys i Finnmark, seier Reppe til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.

For lett å sleppe unna med påstandar Frode Reppe meina det har vore altfor lett å sleppe unna med påstandar som vert sett fram i media, og som ikkje stemmer med verkelegheita slik ein ser i dette tilfellet. -Som politikar med ansvar for forvaltning av oppdrettsnæringa har eg også eit ansvar for villaksen, og må difor følgje med både nyhendesakene og rapportane når dei kjem. Men mange politikarar sine meiningar vert ofte forma av medieoppslag, og når vi ser kva som har skjedd i Altaelva og i Namsen, så kan det fort medføre at vi får vedtak i forvaltninga som er fatta på fagleg heilt feil grunnlag, seier Reppe.

Stamfiske med seks prosent oppdrettslaks Reppe viser vidare til at det vart gjennomført fiske etter stamfisk i Alta vassdraget i september 2010 og at to av 33 fiskar var rømd oppdrettslaks. Og for denne fisken som skulle strykast i oktober måtte det føreligge skjelprøver, noko Reppe meina Hindar burde kjenne til då han gjekk ut med kor mange prosent oppdrettslaks det var tatt i Sautso. Og han vil gjerne få forklaring på kvifor dette ikkje kom fram i intervjuet med NRK.

Tre prosent innslag av oppdrettslaks Reppe viser vidare til at det vart tatt skjelprøvar av 318 laks som vart fiska gjennom heile sesongen i Altaelva i 2010, og at det totale innslaget av oppdrettslaks var på tre prosent.

-Dette er tal som kjem fram i Nina sin eigen rapport, så det bør jo forskingssjef Kjetil Hindar kjenne til. Difor er det all grunn til å stille spørsmål ved kvifor han går ut med tal som ikkje er verifiserte eller sanne før rapportane føreligg. Det er også betimeleg å spørje kvifor Hindar i ettertid ikkje har gått ut å trekt attende påstandane om at 35 prosent av laksen som var tatt under prøvefiske i Sautso det året var oppdrettslaks. Det er vanskeleg å forstå kvifor ein forskingsinstitusjon som ønskjer å vere seriøs ikkje rettar opp slik feil på same måten som dei presentera dei, seier Reppe.

Les også:

Kommentar på Kyst, skapte bølger på Dagbladet

– Det villakseforvalterne ikke vil at vi skal vite om rømt fisk

– Vi bygger ikke forvaltningen på antagelser

Vil at riksrevisjonen skal se på naturforvaltningen

 

Publisert: 07.03.2012 , 10.01


Siste saker

X