Reppe vil møte Hindar

Leiinga i Nina ber om eit møte i staden for å ta debatten om fangstane av oppdrettslaks i Altaelva i media, og Frode Reppe og Frøya Arbeidarparti stille gjerne opp. -Men eg forventar at Kjetil Hindar kommunisera offentleg korleis han i 2010 kom fram til at det vart fanga 35 prosent oppdrettslaks i fiskevaldet Sautso i Altaelva under prøvefisket den hausten, seier Reppe.

Kari Johanna Tveit Etter at Frode Reppe i Frøya Arbeidarparti første gang i ein artikkel på Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no sist veke etterlyste ei forklaring på kvifor forskingsleiar Kjetil Hindar i 2010 gjekk til media og sa at 35 prosent av laksen som var fangsta i prøvefisket på hausten i fiskevaldet Sautso i Altaelva var oppdrettslaks, har det vore skreve fleire kommentarar om saka.

Og no ønskjer leiinga ved Institutt for naturforsking (Nina) å få eit møte med Frøya Arbeidarparti og Sør-Trøndelag Arbeidarparti for å få slutt på debatten. Det vil også Frode Reppe i Frøya Arbeidarparti dersom Hindar først kommunisera offentleg korleis han kom fram til talet 35 prosent. – Frøya Arbeidarparti ser fram mot eit møte med leiinga i Nina og Sør-Trøndelag Arbeidarparti her på Frøya og vi håpar det kan bli sett av tid til ei omvising både på oppdrettsanlegg og foredlingsanlegg. Men det er ein føresetnad at Nina kan forklare korleis ein kom fram til at det var fanga 35 prosent oppdrettslaks i Sautso i 2010. Og at den rette prosentandelen for fangst av oppdrettslaks i heile Altavassdraget det året vert kommunisert ut, seier Reppe til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.

Når det gjeld tema som var diskutert i møtet som Hindar hadde med miljøvernminister Erik Solheim og Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg Hansen i desember 2010, er Reppe glad for at dei ikkje har fått presentert historia om enorme mengder med oppdrettslaks. – Det er beroligende å høyre at Hindar ikkje fortalde same historia til dei to ministrane som han fortalde til pressa dagen før møte, seier Reppe.

Publisert: 16.03.2012 , 12.43


Siste saker

X