Bondhuselva. Foto: Fiskeridirektoratet.

Rømming frå settefiskanlegg i Kvinnherad

Onsdag 14. juni fekk Fiskeridirektoratet melding frå Sjøtroll Havbruk AS om at selskapet hadde hatt ei rømming av settefisk frå sitt anlegg i Sunndal i Kvinnherad. Selskapet reknar med at rundt 1000 regnbogeaure har rømt.

Settefiskanlegget ligg tett ved Bondhuselva i Maurangerfjorden. Fiskeridirektoratet region Vest har vore på tilsyn etter rømminga og Sjøtroll Havbruk AS har fått varsel om at dei må foreta utfisking av rømt regnbogeaure frå Bondhuselva. Fisken er i storleiken 18-25 gram og er ikkje klar for sjøvatn. Rømminga skjedde i samband med sortering.

Selskapet er i gong med gjenfangst etter varsel frå Fiskeridirektoratet. Det er så langt gjenfanga om lag 700 individ, og det skal utførast ny runde med gjenfangst når vannføringa går ned.

Publisert: 23.06.2017 , 14.20


Siste saker

X