Nils Inge Hitland

Salmon Group skuffet over Marine Harvest

Konsernsjef Alf-Helge Aarskogs utspill på sist ukes North Atlantic Seafood-konferansen har fått daglig leder i Salmon Group. Aarskogs uttalte under konferansen at de små oppdrettsselskapene hindrer bærekraftig utvikling.

– Færre og større selskaper er veien å gå for å sikre en mer fremtidig bærekraftig utvikling. Det er for mange små selskaper som kun tenker kortsiktig økonomisk gevinst, og ikke bærekraft, uttalte Aarskog sist uke.

Dette utspillet falt ikke i god jord hos flere av oppdretterne. Daglig leder i Salmon Group, Nils Inge Hitland, skriver i denne kommentaren om hvordan han reagerer på utspillet.

Skuffet over Marine Harvest

Salmon Group representerar om lag ein tidel av den norske lakseproduksjonen, og er den største sameininga av lokaleigde oppdrettarar. Vi opplever utspela frå verdas største oppdrettsselskap, Marine Harvest, som både skuffande og overraskande. Selskapet burde heller erkjenne eit større ansvar sjølve for dei utfordingane som næringa opplever.

Samarbeidet mellom giganten og dei lokaleigde har stort sett fungert godt, både i prosjekta PD-fri og Lusalaus, og i andre praktiske samarbeid på lokalplanet. Når øvste sjef i selskapet, Alf Helge Aarskog, før helga gjekk ut og meinte det er spreidd eigarskap som hindrar bærekraft i produksjonen, kan det minne om eit bakholdsangrep med vikarierande motiv.

Marine Harvest eig i dag nesten ein fjerdepart av den norske lakseproduksjonen, samt betydeleg produksjon i utlandet. Då krisa i Chile utvikla seg til ei økologisk katastrofe, var selskapet hardast råka av alle. Der skulle vere nok å ta fatt på, dersom ein prioriterte å feie for eiga dør. Aarskog etterlyser lusefilter på alle brønnbåtar. Samstundes er hans selskap ein pådrivar for å maksimere trafikken av levande fisk mellom ulike område. Marine Harvest slaktar all fisken på store, sentraliserte slakteri, noko som ofte medfører transport av fisk over store avstandar, forbi mange andre oppdrettarar. På rømmingssida var Marine Harvest ein versting i 2011, blant anna på grunn av svikt i interne rutiner.

Då buet frå dei fallerte storselskapa Pan Fish og Fjord Seafood fekk lov å slå seg i lag med dåtidas Marine Harvest, var krav til FoU-arbeid ein av føresetnadane. At selskapet no forlangar å bli oppfatta som ei sjølvmotivert og einsam ledestjerne på denne fronten, er arrogant. Salmon Group vil gjerne få berike storebror med at vi og våre eigarselskap delteke i mellom anna: utviklingsprosjekt for dyrking av mikroalgar som omega 3 kjelde i fôret, dyrking av makroalgar (integrert akvakultur), rognkjeksoppdrett, steril fisk, fleire prosjekt for lukka anlegg og for ulike typar utsleppsfri lusebekjempelse og påslagsførebygging. I tillegg forvaltar vi ein unik fôrresept, som syner gode resultat på betre fiskehelse og mindre utslepp av avfallsstoff. Salmon Group slutta opp om det omfattande PD-screening prosjektet. Der valde Marine Harvest å stå utanfor.

Det er ganske opplagt at arealutvalet sine forslag om produksjonsområde vil vere svært tenlege for eit selskap som Marine Harvest. Der dei lokalt funderte selskapa vil få rasert sin lokalitetsstruktur, vil Marine Harvest kunne sjonglere produksjon mellom ulike område. Der vil venteleg bli ein del nedfallsfrukt å plukke for børslokomotivet, dersom ei rekke aktørar ser seg tvungne til å gje opp. Kanskje er det motivet viktigare for Marine Harvest enn bærekraftsaspekt og miljøutfordringar. For ein kan spørje seg kor effektivt det vil vere å soneinndele produksjonen, dersom ein framleis skal frakte det meste av fisken på kryss og tvers av sonegrenser og branngater. I 2011 sa dåverande konsernsjef i Cermaq, Geir Isachsen at den typen frakt ville vere ”som å køyre ein brennande truck gjennom branngatene”.

Publisert: 12.03.2012 , 09.15


Siste saker

X