Paul Midtlyng, Noregs Veterinærhøgskule

Samanlikna feittfinneklypping med piercing

Forskar Paul Midtlyng ved Noregs Veterinærhøgskule er einig med Arne Nielsen i Orkla Fellesforvaltning i at klypping av feittfinnen ikkje medfører store skader på fisken. Han samanliknar det med piercing på menneske.

Kari Johanna Tveit Tidlegare denne veka sa Arne Nielsen i Orkla Fellesforvaltning til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no at han var overraska over at Fiskeri- og kystdepartementet ikkje vil gå inn for bruk av feittfinneklypping som metode for å merke oppdrettslaks. No får han støtte frå Paul Midtlyng ved Noregs Veterinærhøgskule som leiar eit prosjekt støtta av Fiskeri- og havbruksnæringas forskingsfond (FHF) der dei skal prøve å finne ut meir om problematikken rundt merkeordningar for oppdrettslaks. Klypping av feittfinnen er ein av fleire metodar som vert testa

– Eg er einig med Arne Nielsen i Orkla Fellesforvaltning når det gjeld bruk av feittfinneklypping og fiskevelferd. Eg kan ikkje sjå at ein ikkje skal klyppe i feittfinnen av fiskevelferdsmessige årsaker, seier forskar Midtlyng.

Han meina motstand mot fysisk merking ofte har utgangspunkt i ei dyrevernaktivistisk doktrine som seier at dette er noko ein ikkje skal gjere. Men han trur ikkje at det er det som ligg bak Fiskeri- og kystdepartementet, eller Mattilsynet si vurdering av problemstillinga.

Samanliknar feittfinneklypping med piercing

Midtlyng trur ein kan samanlikne faren som fisken vert utsett for ved klypping av feittfinnen med det vi menneska utsette oss for når vi tar piercing eller hol i øyrene.

– Når vi tenkjer på at tre fjerdedelar av norsk ungdom har piercing eller hol i øyra utan store problem, så ville det jo vere merkelig om klypping av feittfinnen skulle reknast som dyreplageri. Vi må hugse at dette skjer på same tid som fisken vert vaksinert slik at det ikkje medfører ekstra belastning, seier Midtlyng til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.

Undersøkjer kor raskt såret lukkar seg

I forskingsprosjektet som han har ansvar for undersøkjer dei kor raskt såret lukkar seg og gror etter at feittfinnen er klypt.

– Vi veit jo frå vitskaplege undersøkingar at eit reint snittsår i fisken lukkar seg etter tre dagar med ein vasstemperatur på ti til tov grader. Så no undersøkjer vi korleis temperatur påverkar lukking og heiling av såret første veka etter feittfinnen er klipt, seier Midtlyng.

– Vi veit jo frå vitskaplege undersøkingar at eit reint snittsår i fisken lukkar seg etter tre dagar med ein vasstemperatur på ti til tov grader. Så no undersøkjer vi korleis temperatur påverkar kva som skjer første veka etter feittfinnen er klipt, seier Midtlyng.

Ein etablert metode

Klypping av feittfinnen på fisk som merkemetode har vore brukt i ulike samanhengar tidlegare, men forskarane ved Noregs Veterinærhøgskule har ingen indikasjonar på at dette medfører skade på fisken, og dei venta heller ikkje å få overraskingar i dette prosjektet.

– Det positive med feittfinneklypping samanlikna med andre metodar er at det går veldig fort og at ein kan gjere det på same tid som fisken vert vaksinert. Andre metodar med fysisk merking vil mest truleg innebere at fisken må bedøvast to gongar, eller at det tek lenger tid, noko som medfører større risiko, seier Midtlyng.

Svarar ikkje Nielsen

I intervjuet med Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no tidlegare i veka framheva Arne Nielsen i Orkla Fellesforvaltning at han trur det må vere ein grunn til at Fiskeri- og kystdepartementet har endra standpunkt når det gjeld feittfinneklypping som merkemetode. Han stilte mellom anna spørsmål ved om det kan vere forskarar som pressar myndigheitene fordi dei ser tapte inntekter ved innføring av enkle merkemetodar. Denne påstanden svarar ikkje Fiskeri- og kystdepartementet på, men legg ved informasjon om bakgrunnen for vedtaket.

Sjå vedlagd informasjon

– Brev frå Mattilsynet 02.07.2012

– Rapport som det vert referert til i brevet utarbeida av Tore S. Kristiansen, Ove Skilbrei og Øystein Skaala ved Havforskingsinstituttet.

Fiskeri- og kystdepartementet sitt utgåande brev om saka 19.09.2012

Publisert: 26.09.2012 , 07.28


Siste saker

X