Seikvote for 2004

Fiskeridepartementet har fastsett totalkvoten for fisket etter sei nord for 62. breiddegrad til 169.000 tonn for neste år, står det i en melding.

Etter avsetning til andre land gir dette ein kvote til norske fiskarar på 154.000 tonn i 2004. Seikvoten for norske fiskarar neste år blir dermed den same som i år. Seibestanden nord for 62. breiddegrad er i god forfatning. Fiskepresset i seifisket er forsvarleg og gytebestanden er stor nok til at vi kan rekne med god rekruttering til bestanden i åra som kjem. Den fastsette kvoten for neste år er i samsvar med råda havforskarane har gitt for kvotenivået i 2004. – «Store svingingar i kvotene frå år til år er uheldig både for flåteleddet og industrien. Det er derfor gledeleg at seibestanden er forvalta slik at bestanden er i så god forfatning at kvoten neste år kan være på same nivå som i år», seier fiskeriminister Svein Ludvigsen.

Publisert: 27.11.2003 , 13.01


Siste saker

X