Foto: Shutterstock.

Steril oppdrettslaks med genredigering

- Rømd oppdrettslaks som parar seg med villfisk, er ein miljøtrussel for villaksen. Forskarar i Bergen håpar laks utan kjønnsceller kan vere løysinga, skriver Elisabeth Larsen i tidsskriftet Genialt.

 

Lakseoppdrett er ein viktig industri i Noreg, med ein omsetnad på over tretti milliardar kroner årleg og meir enn tjue tusen menneske i arbeid. Og marknaden veks. Verdsbanken presenterte nyleg ein rapport der dei slår fast at matproduksjonen frå havet må aukast frå dagens nivå på kring 160 millionar tonn til 260 millionar tonn i 2030, med andre ord ein auke på over 60 prosent. Folkeauken generelt og ein global middelklasse som aukar med meir enn 150 millionar menneske i året, vil sørgje for ein vesentleg auke i etterspurnaden etter sjømat, skriver Elisabeth Larsen i tidsskriftet Genialt som tilhører Bioteknologirådet.

Sintef har rekna ut at oppdrettsnæringa i Noreg kan femdoble seg i volum fram mot 2030, men det norske lakseeventyret må overvinne fleire viktige hinder først. Eitt av dei er laks som rømmer og parar seg med villaks. I 2014 rapporterte Fiskeridirektoratet at over 300 000 oppdrettslaks rømde frå anlegga, og at mørketala kan vere store.

Første laks utan kjønnsceller

I norske elvar finst det ulike stammar av villlaks, og kvar enkelt stamme har ein unik genetisk samansetnad. Gena avgjer mellom anna når laksen gyter, kor raskt han veks, og alderen ved kjønnsmodning. Rømde oppdrettshoer formeirar seg ofte med villaks, og dette utvatnar det genetiske materialet i den ville laksestammen. Det er ein stor miljøtrussel.

– Vi har laga verdas første laks utan kjønnsceller, fortel Wargelius.

– Vi har laga verdas første laks utan kjønnsceller, fortel Wargelius. Foto: HI

Staten og oppdrettsnæringa har brukt omfattande ressursar på å forske på sterilisering av oppdrettslaks for å redusere konsekvensane av fisk som rømmer. Anna Wargelius, forskingsleiar ved Havforskingsinstituttet, leier eit prosjekt der dei brukar CRISPR-metoden på gena til laksen for å lage ein steril fisk.

– Vi har laga verdas første laks utan kjønnsceller, fortel forskingsleiar Anna Wargelius ved Havforskingsinstituttet.

Laksen ser ut som ein vanleg laks, men han manglar kjønnsceller og kan derfor ikkje forplante seg med villaks dersom han rømmer.

Sterile fisk er eit mål

Overgang til steril fisk i oppdrettsbransjen er eit mål for næringa og for statleg forvaltning. I 2016 har seks oppdrettsselskap i Nord-Noreg og på Vestlandet vorte med på eit prøveprosjekt der over ein million sterile fisk skal setjast ut i sjøen. Desse sterile fiskane blir laga ved at befrukta egg blir utsette for høgt trykk og høg temperatur, slik at laksen blir triploid, det vil seie at alle cellene får tre kromosomkopiar i staden for to. Triploiditeten gjer at laksen blir steril, men også at han har høgare innslag av sjukdommar som beinlidingar og grå stær samanlikna med vanleg laks. Triploid laks er ikkje definert som GMO.

Dersom laksen utan kjønnsceller viser seg eigna for bruk i stor skala, kan likevel ei hindring i lovverket gjere at han ikkje kan bli teken i bruk. I dag vil laks som har fått endra gena, bli definert som ein genmodifisert organisme. Det gjer at reguleringa blir strengare, og ein må merkje fisken som genmodifisert i butikken. Det er usikkert om forbrukarane vil kjøpe fisk som er merkt som genmodifisert, og derfor er det ingen firma som torer å ta i bruk teknikken og gjere dei nødvendige investeringane.

Anna Wargelius er frustrert over dagens regulering:

– Samanlikna med metodane ein nyttar i dag, meiner vi at sterilisering av oppdrettslaks ved å endre eit av gena til laksen vil gje betre dyrevelferd. Forskinga vår viser at denne genredigerte laksen har det like bra som vanleg oppdrettsfisk, og at han elles er normal, trass i at han manglar eit gen. Fleire land har avklart lovverket sitt slik at genredigeringa vi har gjort på laks, ikkje vil bli rekna som genmodifisering. Eg synest det er på tide at Noreg kjem etter.

Publisert: 13.10.2016 , 13.27


Siste saker

X