Tor Anders Elvegård

Støttar ikkje eit kategorisk krav om utslakting

- Det er viktig i denne samanhengen at det er sjukdomen ein skal bli kvitt, og ikkje nødvendigvis utrydde viruset, seier Tor Anders Elvegård i Nord-Norsk Havbrukslag. Han meina det er feil å kategorisk stille krav om utslakting ved påvising av PD.

Kari Johanna Tveit Nord-Norsk Havbrukslag er ifylgje leiar Tor Anders Elvegård imot eit kategorisk krav om utslakting på bakgrunn av påvist PD- eller ILA virus utan at ein tek omsyn til den einskilde situasjonen.

– Dette gjeld både i høve til eit eventuelt utbrot, kva type virus det er snakk om, avstand til andre anlegg, og eventuelle andre omsyn, seier Tor Anders Elvegård i Nord-Norsk Havbrukslag.

Elvegård framhevar at det er viktig i denne samanhengen at det er sjukdomen ein skal bli kvitt, og ikkje nødvendigvis utrydde viruset, som vanlegvis vil vere forferdelig vanskelig å gjere i sjø. I tillegg meina han tiltaka vurderast opp mot dei totale kostnadane ved gjennomføring.

– Men sjølvsagt, dersom du har eit massivt utbrot, så er det jo berre ein ting å gjere, og det er å slakte ut, seier Elvegård til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.

Uttalar seg ikkje om andre regionar

Om ein bør slakte ut smitta fisk i området nord for Hustadvika og i Sør-Trøndelag, eller ikkje vil ikkje Elvegård uttale seg om. Dette må vere ei vurdering som næringa og forvaltninga i det området gjere.

Tor Anders Elvegård

Tor Anders Elvegård i Nord Norsk havbrukslag meina det er feil å kategorisk stille krav om utslakting ved påvising av PD. Problemet med spreiing av PD må løysast ved at ein ikkje transporterar fisken nordover.

Jobba for å hindre lange transportar

Elvegård viser også til at ein no jobbar med regionalisering slik at ein kan unngå transport av levande materiale frå Sør- og Midt- Noreg til Nord Noreg. Og då handla det om å vere sjølvforsynt med stamfisk, smolt og slaktetenester for å redusere potensiale for å overføre smitte.

FHL har denne veka sendt eit brev til Fiskeri- og kystdepartementet og Mattilsynet med fleireinnspel til nye tiltak.

 

Publisert: 08.06.2012 , 07.39


Siste saker

X