Nils Inge Hitland Salmon group

Sunnmøringar går inn i Salmon Group

Aqua Farms Vartdal AS blir ny aksjonær i Salmon Group AS. Aqua Farms Vartdal AS er hovudselskapet i Vartdalgruppa Fiskeoppdrett, og desse vil bringe inn 4 matfiskkonsesjonar og 5,8 millionar smolt til nettverket.

– Dette er ein aktør som går rett inn i vår målgruppe, og vi er glade for å få dei inn i Salmon Group, seier dagleg leiar i nettverket, Nils Inge Hitland.

Interessa for å slutte seg til nettverket har vore god lenge. Salmon Group meinar at solide avtalar og ein synleg og samlande jobb i viktige saker, er avgjerande for dei som søkjer samarbeid.

– Vi oppnår betydelege stordriftsfordelar, og jobbar for utvikling i næringa, samstundes som vi lar eigarane styre sine verksemder med lokale og personlege tilpassingar. Måten vi balanserer dette samarbeidet på, vekkjer interesse hos mange, seier Hitland.

Med Vartdalgruppa på plass, har Salmon Group utvida sitt fylkeskart til også å gjelde Møre og Romsdal. Frå før er Nordland, Troms, Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Telemark representerte. Nettverket representerar no 93 matfiskkonsesjonar og ein produksjon på over 45 millionar smolt. Med dette er ein landets tredje største havbruksaktør.

Publisert: 27.03.2012 , 07.00


Siste saker

X