Karoline Andaur, WWF

– Ti millionar dekker ikkje behovet

Karoline Andaur i WWF er positiv til at det kjem meir pengar til kontroll av havbruksnæringa, men ho er ikkje tilfreds med beløpet. –Ti millionar kroner vil ikkje dekke behovet, seier Andaur til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.

Kari Johanna Tveit I statsbudsjettet som vart presentert i går er det lagt inn ti millionar kroner for å styrke tilsynet med havbruksnæringa.

Pengane skal i hovudsak brukast til kontroll for å hindre rømming, og for å sikre at lakseoppdrettarane ikkje produsera meir enn dei har løyve til.

Vil ha meir pengar til kontroll

Miljøvernorganisasjonen WWF er i utgangspunktet tilfreds med at Fiskeri- og kystdepartementet imøtekjem det havbruksansvarleg Karoline Andaur omtalar som Riksrevisjonen og WWF sine krav om at havbrukstilsynet må styrkast. Då statsbudsjettet for 2012 vart lagt fram var dette noko dei etterlyste spesielt. Men Andaur er ikkje nøgd med beløpet som Regjeringa vil sette av til føremålet.

– Det er viktig at det vert sett av midlar til kontroll, men det er likevel skuffande at den føreslåtte auken i budsjettet berre utgjer ti millionar kroner, noko som på langt nær vil dekke behova for eit nødvendig og godt fungerande tilsyn, seier Andaur til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.

Karoline Andaur i WWF
Karoline Andaur er skuffa over at det ikkje er føreslått meir enn ti millionar kroner ekstra for å kontroller havbruksnæringa i forslaget til statsbudjett. Ho trur behovet er større.

Ein eventuell produksjonsauke er ikkje avklart

WWF er tilfreds med at regjeringa ikkje har lagt opp til ein auke i produksjonen i denne omgang, men sidan det er meldt at dette er noko som vil bli vurdert i 2012, er Andaur likevel ikkje trygg.

– Det er framleis uløyste utfordringar i dagens havbruksnæring, og det er avgjerande at ein får på plass berekraftindikatorane som vart lagt fram i regjeringa sin berekraftstrategi frå 2009. Det er ikkje akseptabelt å tillate ein auke i produksjonen før næringa har problema med lakselus i merdane under kontroll, og før ei individmerking av oppdrettslaks er på plass, seier Andaur til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.

Skal ikkje påverke miljøet negativt

Havbruksansvarleg i WWF framhevar til slutt at organisasjonen no forventar at forvaltninga tek ansvar saman med næringa og at ein snarast mogeleg får på plass løysingar slik at oppdrettsnæringa ikkje har ein negativ innverknad på miljøet.

Publisert: 09.10.2012 , 07.37


Siste saker

X