Fôrflåte. Foto: Erik Røed.

Tida er inne for nytt reguleringssystem

Både Fiskeridirektoratet og Mattilsynet er positive til regjeringas forslag til innføring av nytt reguleringssystem for oppdrett – såkalla produksjonsområder.

 

– Trass i at forslaget til innføring av produksjonsområder for oppdrettsnæringa ikkje er perfekt slik det no ligg føre, er tida inne for å innføre systemet, seier fiskeridirektør Liv Holmefjord og direktør Harald Gjein i Mattilsynet, i en pressemelding.

Vil ha mindre fleksibiltet

I følge høyringsforslaget skal kysten delast inn i 12 produksjonsområder der handlingsreglar (vekst, frys eller reduksjon) blir sett i verk ut frå miljøtilstanden, i praksis antatt påverknad frå lakselus på vill laks i eit produksjonsområde. Begge etatane sluttar seg til dette.

Ordninga legg opp til ein meir kunnskapsbasert forvaltning av produksjonskapasiteten og tar omsyn til den samla belastninga av lakselus på vill laksefisk. Men både Mattilsynet og Fiskeridirektoratet er uroa over at det foreslåtte systemet skal bli for komplisert og dermed føre til meir uønska byråkrati.

— Regjeringa ynskjer å legge inn ei rekkje ordningar for fleksibilitet, men vi er redd for at kompleksiteten som fylgjer med vil føre til at sjølve grunnlaget for det nye systemet blir uthola. Det vil kunne føre til at vi ikkje blir i stand til å kunne seie noko om kva slags konsekvensar oppdrettsverksemda får i eit område, seier Liv Holmefjord.

Mattilsynet er i tillegg uroa over at ordningane mellom anna skal føre til høgare smitterisiko.

— Vi er uroa over høyringsforslaget kan innebere meir flytting av sjøsatt fisk og dermed meir spreiing av sjukdommar, seier Harald Gjein.

Unntak frå handlingsregelen

Dei som slepp ut så lite lakselus at dei kjem inn under ein foreslått unntaksregel, skal få høve til å vekse sjølv om det står dårleg til i området dei ligg i. Mattilsynet og Fiskeridirektoratet vil presisere at det ikkje må lagast ordningar som i praksis tyder at det blir innført fleire grenser for lakselus og kor mange behandlingar mot lakselus ein kan ha.

— Vi meiner at lusegrensa må vere 0,1 vaksne holus per fisk for å få unnatak, og at all behandling mot lakselus skal vere fiskevelferdsmessig og medisinsk forsvarleg. Vi ser difor ikkje behov for at det skal setjast ei grense for medikamentelle behandlingar for å få unntak, seier Holmefjord og Gjein.

Publisert: 22.09.2016, 08.23


Siste saker