Tombre Fiskeanlegg tilsette. Foto: Tombre.

Tombre Fiskeanlegg auka driftsresultatet med 68 millionar

Tombre Fiskeanlegg gjer det godt om dagen. Oppdrettselskapet auka både driftsresultat og omsetning betydeleg i 2016, noko dagleg leiar Håkon Tombre er særs nøgd med.

Tombre Fiskeanlegg driv settefisk- og matfisk produksjon. Selskapet held til i Eikelandsosen og har tre løyve for matfiskproduksjon og eitt løyve for settefiskproduksjon. Selskapet er ein del av konsernet Tombre-gruppa som også består av dotterselskapa Fjord Drift AS, Drageid Laks og Quatro Laks AS.

Selskapet fekk i fjor ei omsetning på 258,9 millionar kroner, mot 128,3 millionar året før. Dette er ei auke på vel 130 millionar kroner.

Driftsresultatet auka med omlag 68 millionar, og var 95 millionar kroner i 2016, mot 26,9 millionar året før.

Daglig leder Håkon Tombre i Tombre Fiskeanlegg. Foto: Therese Soltveit.

– Me er sjølvsagt veldig tilfreds med resultatet. Resultatauken er i hovudsak auka salsprisar, fortel dagleg leiar Håkon Tombre til kyst.no.

Aukande kostnadar

Han seier selskapet derimot er bekymra for aukande kostnader, og har jobba planmessig nokre år med å fornye og effektivisere driftsutstyret.

– Produksjonskostnaden er tredelt: den direkte kostnaden som går på drift, samt det som indirekte påverkar oss pga. lus og fiskehelse, og sist byråkratiet.

– Dette er vorte så kompleks at det no merkast i lågare utnyttelsesgrad på MTB og dermed driv einhetskostnaden opp, legg han til.

Styret skriv i årsberetninga at produksjonskostnadane dessverre er aukande i inneverande år, og selskapet arbeider med tett kostnadsoppfølging og produktivitet forbetringar for å redusere kostnadane.

Har fleire verktøy mot lusa i bruk

Ambisjonane for 2017 seier han er å få full kontroll på lus, redusere svinnet, og da kommer fôrforbruket ned og.

– Me bruker reinsefisk, oppdrettet og villfanget som hovudreiskap, og supplerer med behandling i Thermolicer. Me testar også ut luseskjørt, byggjer ut rognkjeksproduksjonen, og investerer i ny termisk behandlingseinheit.

Han fortel dei har mange interessante investeringar, men Tombre trur ikkje det skal påverke rekneskapen negativt, snarare positivt.

Ein million i bonus 

I Tombre-gruppa er dei 35 tilsette + innleigde på ulike tekniske fag.

– Me har gjeve dei tilsette rundt ein million i bonus for året 2016.

Når det gjelder nyheiter seier han vidare at dei får levert 2 lokalitetsbåtar i juli /august. Les meir her. 

Les også: Rosendal Marineservice starter første utrusting av havbruksfartøy

Forventar svakare omsetning i 2017

Styret seier at omsetning og resultat er venta å verte noko svakare i 2017.

«2016 gav gode marginar med aukane etterspurnad i heile året. I Noreg har det siste året vore ein liten nedgang i eksportert volum. Tilgangen til den russiske marknaden er framleis stengd, medan Asia og USA har auka etterspurnaden betydeleg», skriv styret.

Tombre Fiskeanlegg vart etablert i 1971 av Per Tombre med produksjon av regnbogeaure i Skogseidvatnet i Hålandsdalen. På 1980 talet starta produksjonen av smolt av laks i same vatn, og i 1988 utvida sonen Håkon Tombre bedrifta med lakseproduksjon i Hardangerfjorden.

Tombre Fiskeanlegg AS feira i fjor 45 års jubileum, og kan sjå tilbake på ei fantastisk utvikling. Les meir om dette her.  

  • Ved utgangen av året var det 10,3 årsverk i bedrifta. Av dei tilsette er det to kvinner, i tillegg til to kvinner i styret.
  • Fisken til selskapet blir i hovudsak slakta ved Hardanger Fiskeforedling AS, og eksportert via norske eksportselskap i hovudsak til EU-marknaden.
  • Den største aksjonæren i selskapet er Tombre Anno 1786 AS, som igjen er eid av Håkon Kristian Tombre.
  • Yngelen deira vert produsert ved Sævareid Fiskeanlegg AS som Tombre Fiskeanlegg er medeigar i.

Publisert: 26.07.2017 , 10.13


Siste saker

X