Arne Nielsen, Orkla Fellesforvaltning

Trur nokon pressar departementet

Arne Nielsen i Orkla trur ikkje klypping i feittfinnen kan vere eit fiskevelferdsmessig problem. Han meina det kan vere nokon som pressar myndigheitene fordi dei ser tapte inntekter ved innføring av ei rimeleg merkeordning.

Kari Johanna Tveit I eit intervju med Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no sist veke sa miljødirektør Aina Valland at Mattilsynet no har fråråda feittfinneklypping som metode for å merke oppdrettslaks av fiskevelferdsmessige årsaker, og at den ikkje er presentert i Fiskeri- og kystdepartementet sitt høyringsnotat med forslag om endring av akvakulturlova. Men Arne Nielsen i Orkla Fellesforvaltning har meir tru på at dette handlar om tapte inntekter for forskarane, og ikkje om fiskevelferd.

Han viser til at statssekretær Kristine Gramstad i Fiskeri- og kystdepartementet tidlegare i sommar var på ein konferanse på Aunan der ho sa at både Veterinærinstituttet og Mattilsynet har gått god for feittfinneklipping som merkemetode.

– Så dersom dei no har endra standpunkt, så er det ganske merkelig. Klypping av feittfinnen er den enklaste og billigaste måten å merke fisken på. Det gjer også at den blir lett gjenkjenneleg i elvane, både for fritidsfiskarar og for andre aktørar i elva. Då vil det ikkje vere tvil om fisken sitt opphav, slik mange har store problem med å finne ut i dag, seier Nielsen.

Han trur også at laks med klypt feittfinne lettare vil kunne bli registrert i ulike typa teljarar som er montert i ein del elvar.

Arne Nielsen, Orkla Fellesforvaltning

Arne Nielsen i Orkla Fellesforvaltning trur det kan vere nokon som ser tapte inntekter og pressa på for å hindre at oppdrettsnæringa skal kunne ta i bruk feittfinneklypping som metode for å merke fisken sin. Men denne gongen trur han ikkje det er næringa sjølv som står bak.

Trur det er nokon som pressar på

Nielsen uttrykke ovanfor Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no at dersom det verkeleg er tilfelle at Mattilsynet og Fiskeri- og kystdepartementet har endra standpunkt når det gjeld å klyppe feittfinne som metode for å merke oppdrettslaks, så må det vere nokon som pressar dei. Han trur ikkje dette er dårleg fiskevelferd.

– All klekkefisk som har vore sett ut er feittfinneklypt, og det same gjeld fisk som vert nytta i forsking, så dette er veldig rart. Men sidan næringa har stått på for å få til ei slik ordning trur eg ikkje det er dei som står bak denne gongen, seier Nielsen, og legg til at han lure på om det kan vere villaksforskarar som ser tapte inntekter ved innføring av ei slik merkeordning.

– Dette blir jo berre spekulasjonar, men det må vere noko som ligg bak her. Eg er sterkt i tvil om at dette handla om fiskevelferd, seier Nielsen.

Mindre skader på oppdrettsfisken

Tidlegare meina Nielsen at oppdrettsfisken hadde meir øydelagde finnar, og at det her har skjedd ei endring som gjere det vanskelegare å ta den ut. Han er usikker på kva som kan vere årsaka til dette, men trur ei forklaring kan vere at det er mykje fisk som rømmer medan den enno er smolt, og at den difor ikkje får skader på finnane. Ei anna forklaring kan vere at oppdrettsmerdene som blir brukt no er så store at fisken ikkje blir utsett for trengsel som gir slitasje på finnane.

Fiskarane tek feil

Nielsen viser til eit prosjekt som er gjennomført i samarbeid mellom Elvane rundt Trondheimsfjorden (ERT), Salmar og Veterinærinstituttet dei to siste sesongane. Her hadde sportsfiskarane fått instruks om å sende inn prøvar av all fisk som vart tatt på land for å få vurdert om det var villakse, eller oppdrettslaks. På konvolutten skulle dei krysse av for kva dei i utgangspunktet trudde, og ifylgje Nilsen var det mange som kryssa av for oppdrettslaks sjølv om det var villaks.

Publisert: 25.09.2012 , 08.27


Siste saker

X