Lakselus, hunn, preadult

Unnlet å avluse oppdrettsanlegg

290.000 laks stod i merdane til oppdrettsselskapet Aqua Farms Vartdal AS. Der var det alt for mykje lakselus, og då selskapet unnlet å avluse anlegget kom klare trugslar om dagbøter.

– Når lusetalet i fisken kjem over ei viss grense, så er oppdrettar pliktig til å ta affære, seier Lars Omenås, fungerande distriktssjef i Mattilsynet på Søre Sunnmøre til NRK.no.På anlegget i Vartdalsstranda, i Slettvika, så var lusetalet alt for høgt. Det var spesielt mykje kjønnsmodne lus som produserer egg, held Omenås fram.

Mykje lus

Det var under ein rutineinspeksjon i midten av august at Mattilsynet fekk eit lett sjokk. Mengdene lakselus i oppdrettsanlegget i Volda kommune var langt over det lovlege.

Ifølgje rapporten frå Mattilsynet stod det 290.000 laks i merdane i Vartdalsfjorden. Villaks, aure og smolt frå fleire store vassdrag må passere anlegget på veg inn og ut av elvane.

– Det kan vere ein fare for villfisken i elvane våre, slår Omenås i Mattilsynet fast overfor NRK.no.

Skuldar på dårleg vêr

Mattilsynet meiner oppdrettar burde tatt affære før dei trua med dagbøter på 65.000 kroner.

I ein kort kommentar seier Ottar Vartdal i Aqua Farms Vartdal, til NRK.no, at dårleg vêr var grunnen til at avlusinga ikkje blei utført i tide. Han fortel vidare at anlegget no har lite lus i seg.

 

Publisert: 17.09.2012 , 07.00


Siste saker

X