Aina Valland

Valland håpar på ein faktabasert debatt

Erik Sterud i Norsk Lakseelver viser til spådomar når han omtalar årets laksesesong så langt. Aina Valland i FHL viser til havforskar Jens Christian Holst si vurdering av utviklinga i villaksbestanden. No etterlyser ho ein faktabasert debatt.

Kari Johanna Tveit I ei oppsummering av årets laksesesong så langt, skriv fagsjef Erik Sterud Norsk Lakseelver at resultatet er slik mange har spådd. Mykje av laksen som vandra ut av elvane i 2009 og som har tre vekstsesongar bak seg i havet har no kome attende som stor laks over 7 kilo.

Dette stemmer godt med det havforskar Jens Christian Holst sa i eit intervju med Norsk Fiskeoppdrett i februar i år. Her påpeika han mellom anna at 2012 ville bli storlaksens år, spesielt i elvane Sør-Noreg. No håpar havbruksnæringa på ein faktabasert og konstruktiv debatt.

Positivt også for havbruksnæringa

For havbruksnæringa som ofte får ansvaret dersom villaksesesongen ikkje er slik mange ønskjer seg, er Sterud si oppsummering av årets sesong så langt positiv.

– Det er veldig positivt at det vert rapportert om gode fangstar i mange elver i år. Det er vi i havbruksnæringa glade for. Vi er opptatt av at vi skal ha livskraftige villaksstammar, og dette viser jo at Jens Christian Holst ved Havforskingsinstituttet har rett i mykje av det han har sagt om utviklinga i villaksbestanden, seier miljødirektør Aina Valland i Fiskeri- og havbriksnæringas landsforeining til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.

Aina Valland

Miljødirektør Aina Valland i FHL meina Jens Christian Holst ved Havforskingsinstituttet har rett i mykje av det han har sagt om utviklinga i villaksbestanden.

Etterlyser ein faktabasert debatt

Havbruksnæringa har ifylgje Valland lenge etterlyst ein faktabasert diskusjon rundt villaksen, og ho framhevar at det er viktig at alle klarer å sjå at bilete er samansett.

– Skremmingshistoriene som vi har høyrt på dei siste åra viser seg å ikkje halde stikk, og når også Vitskapleg råd for lakseforvaltning i sin siste rapport seier at lakselus og rømming av oppdrettslaks ikkje ser ut til å ha hatt så stor effekt for villaksen som ein tidlegare har trudd, så må ein jo håpe at villaksforvaltninga og villaksinteressene også vil bidra til å få ein meir faktabasert debatt, seier Valland.

Andre må gjere sin del av jobben

Miljødirektøren framhevar til slutt at havbruksnæringa skal fortsette å gjere sitt med tanke på utfordringane knytt til rømming og lakselus. Men ho forventar også at det vert fokusert på heile bilete, og at andre skal gjere sin del av jobben.

Publisert: 14.08.2012 , 07.32


Siste saker

X