Veterinærinstituttet møter kveis-motstand

Tor Atle Mo ved Veterinærinstituttet meina Efsa sin dispensasjon frå kravet om å fryse oppdrettslaks som skal til rått konsum, er gjeve på feil grunnlag. Nifes og næringa er ikkje einig.

Kari Johanna Tveit Tidlegare denne veka vart det kjent at Veterinærinstituttet har påvist kveis i taparfisk ved eit oppdrettsanlegg i Sør-Noreg.

På bakgrunn av denne undersøkinga uttalte forskar Tor Atle Mo til Finansavisen at oppdrettslaksen et mykje som kjem inn i merda i tillegg til prosessert fôr, og at Efsa sin dispensasjon frå kravet om å fryse oppdrettslaks som skal til rått konsum, er gjeve på feil grunnlag.

Ikkje grunnlag for å endre konklusjonen

Men forskaren frå Veterinærinstituttet møter motstand når han går ut med sine påstandar. Ifylgje Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (Nifes) er det liten risiko for kveis i oppdrettslaks. På oppdreg frå Mattilsynet er dei er no i gang med oppfylgjande undersøkingar i oppdrettsanlegget der Veterinærinstituttet har gjort sine studiar, men dei viser til at fleire undersøkingar frå Noreg og frå utlandet dokumenterar at filet frå oppdrettsfisk som går til konsum er uten kveis.

– Funn av kveis i taparfisk frå eit enkelt oppdrettsanlegg i Sør-Norge gir ikkje grunnlag for å forandre på konklusjonen frå Efsa, seier Arne Levsen i Nifes i ei pressemelding.

Ikkje påvist kveis i slaktefisk

Kommunikasjonsdirektør Are Kvistad i Fiskeri- og havbruksnæringas landsforeining (FHL) støttar seg på Nifes sine undersøkingar og framhevar at det ikkje er påvist kveis i oppdrettslaks som går til konsum. Det kunne heller ikkje Veterinærinstituttet si undersøking påvise.

Publisert: 18.09.2012 , 07.10


Siste saker

X