Vil ha masseslakt av slakteri

- Minst to av tre lakseslakteri må leggjast ned. Vi treng ikkje meir enn eitt eller to slakteri i kvart fylke, meiner oppdrettsanalytikar Lars Liabø.

Oppdrettsnæringa er i krise for tredje året på rad. Sjølv dei mest lønsame oppdrettarane gjekk med underskot i fjor, og bankar og fôrselskap har strama inn på kreditten, skriver BT idag. Næringa har kniven på strupen og leitar febrilsk etter måtar å kutte kostnader og betre fortenesta på. Tema nummer ein i bransjen er slakteristrukturen. Det største oppdrettsselskapet i Noreg, Marine Harvest (tidlegare Hydro Seafood), er i full gang med å revurdere kor mange anlegg som må til. Også i den andre enden av skalaen, hos oppdrettarsamanslutninga for små oppdrettsbedrifter på Vestlandet, Havdyrkerne, er slakteristrukturen oppe til diskusjon. Lars Liabø i analyseselskapet Kontali Analyse trur mange av dei cirka 90 lakseslakteria står for fall. – Det skjer, det som burde ha skjedd for fem år sidan. No får du ein konsentrasjon, seier Liabø. Betre forteneste Liabø meiner norske oppdrettarar har noko å lære frå Chile, der oppdrettsselskap fileterer og porsjonerer laksen klar for kjøledisken i supermarknadene. Frå Noreg vert laksen i hovudsak eksportert heil. Det er vidareforedlingsanlegga i Europa som har kontakten med kundane, og som får kunnskapen om kva marknaden vil ha, ikkje norske oppdrettsbedrifter. Liabø meiner norsk oppdrettsnæring bør satse på få og store slakteri – noko som kan kutte kostnadene i sjølve slaktinga – og sjølv verte eigar av vidareforedlingsanlegg i EU og Aust-Europa. – Då trur eg du får betre forteneste, og ikkje minst kan du då saman med kjedene utvikle produkt som kan leggjast rett i disken, seier Liabø. Todelt produksjon Liabø meiner det er rett med ein todelt produksjon av to grunnar: I Noreg bør ein slakte, filetere og utnytte biprodukt som hovud, bein og anna fiskeavfall. Dermed sparer ein pengar på å frakte berre filet i staden for heil laks. Men den endelege bearbeidinga bør gjerast i andre europeiske land, både fordi arbeidskrafta er billegare der, og fordi anlegga der er nær dei store marknadene. Med anlegg i ute i Europa er det, takka vere korte avstandar, lettare å tilpasse produksjonen til svingingane i etterspurnaden i supermarknadene.

Publisert: 19.05.2003 , 09.17


Siste saker

X