Villaks som hopper

Vossolaksen er på veg attende

Både prognosane og dei fyrste registreringane tilseier at det vil koma mykje stor laks attende frå havet og til gyteplassane i Vosso i år.

– Dette er eit svært gledeleg resultat av eit langsiktig forskingsarbeid og redningsaksjon, leia av Uni Miljø og Fylkesmannen i Hordaland, opplyser forskingsleiar i Uni Miljø, Bjørn Barlaup til avisa-hordaland.no.

Storparten av laksen som no er på veg mot Vosso, stammar frå smolt-produksjonsanlegget i Evangervatnet. Dette initiativet frå oppdrettsnæringa er etablert og finansiert gjennom Vossolauget.

Ein suksess

Prosjektet sin suksess, som også omfattar tiltak i utvandringsruta, er gjort mogeleg ved innsats og samarbeidsvilje frå mange ulike interessegrupper rundt vossolaksen.

Gler seg over resultata

– Me gler oss over dei gode resultata og at nok ein årgang med ekte vossosmolt no er på veg til havet, seier styreleiar i Vossolauget, Cato Lyngøy til avisa-hordaland.no. Det vert ikkje fiske etter vossolaks i vassdraget i år, men ein tek sikte på ei avgrensa opning for dette neste år.

 

 

Publisert: 06.07.2012 , 08.00


Siste saker

X