Erlend Waatevik i Bergen. Foto: Linn Therese Skår Hosteland.

Ynskjer ein sterkare rensefisk

Erlend Waatevik fortel at starten på året for rensefiskaktørane har vore god. - Me kan sjå ei auke av rensefisk på marknaden sidan i fjor og oppdrettarane og alle involvert blir stadig flinkare til å ta seg av fisken. Men det er framleis høg dødelegheit i sjø og mangel på ein sterk og robust fisk.

Waatevik fra EWA Consulting arbeider for tida med reinsefisk-estimata for 2017, og han har stor tru på at bransjen skal klare å produsere 30 millionar rognkjeks i 2017 som han tidligere har spåddI fjor vart det produsert mellom 17-18 millionar.

Han meiner dei største utfordringane rensefiskprodusentane og oppdrettarane har er høg dødelegheit i sjø.

Erlend Waatevik brenn for rensefisknæringa og meinar rensefisken er komen for å bli. Foto: Privat.

– Fisken er ofte for svak når den settes i sjø. Me må få på plass ein meir robust og sterk fisk i sjøen. Er fisken frisk og sunn vil den yte meir i merda, det er eg sikker på, seier Waatevik til kyst.no.

Han poengterer at fisken ofte vert sett ut for tidlig etter vaksinasjon, og at den helst bør stå 500 døgngrader før den går i sjø.

– Då får man ein meir robust fisk, som også har ein vaksine som fungerer meir optimalt, slår han fast.

Les også: Tar over som Norges nest mest oppdrettede art

– Må få ned stressnivået 

Mange ting tyder på at om fisken vert stressa kan den verte meir mottakeleg for sjukdommar, ifølge Waatevik. Han legg til at det har vore ein del problem med mellom anna Flavo-bakterie på rognkjeks når den kjem i sjø.

– Nøkkelen er å få ned stresset under produksjon, levering og i sjø. Mattilsynet har sett litt gjennom fingrane med tanke på at dette er ei ny næring, men etterkvart som produksjonen stig vert dei nok klart strengare, og dette er viktige element som nok treng bedring.

– Får bransjen tilgang på endå meir rensefisk, vil det skje mykje på etterspurnadssida i forhold til krav til fisken. Når det no er mangel på fisk gjer det at krava ikkje er like høge, legg han til.

Waatevik har stor interesse for rognkjeksen av fleire grunnar.

– Det viktigaste for meg er at det er eit ikkje medikamentelt middel, som på ingen måte skadar fisken. Det dør ingen laks på grunn av rensefisk, og det er det fine med denne arten. Rensefisk er naturleg i naturen, der individ renser andre individ, dette må me kopiere og gjere i merdane. Det er ein metode som er totalt uskadelig, og eg håpar me blir kvitt medikamentelle avlusningar i framtida.

Les også: Erlend Waatevik er ny styreleder i Aquality

– Komen for å bli

Rensefisk-entuasiasten har lita tru på at rensefisken vil forsvinne om nokre år grunna betre løysingar.

– Rensefisken er komen for å bli. Men den vil nok kanskje bli ei meir varig løysing, og ikkje ein brannslukkar slik den ofte vert brukt no.

Ny rensefiskkonferanse 

Det er no 33 rognkjeksanlegg registrert i Noreg. I fjor var 29 av disse i bruk og fleire er under etablering.

Arrangørane av havbrukskonferansen AqKva på Stord skal i juni igjen ha rensefisken på agendaen og ynskjer alle aktørar innan villfangst, oppdrett og bruk av rensefisk velkommen.

Waatevik som også er leiar av programkomitèen fortel at det kjem representantar frå alle sider av næringa, inkludert forvaltning og tilsynsmyndighet for å diskutere høgaktuelle problemstillingar. Han har stor tru på at det å koma saman for å læra av naboen er viktig, spesielt for denne relativt ferske delen av næringa.

AqKva Rensefiskkonferansen arrangerast for andre gong på Stord i Hordaland. Foto: Therese Soltveit.

– Det viktigaste vert å dele erfaringar, der både små og store aktører kjem saman og fortel om sine gode og dårlege erfaringar. Både røktarar, produsentane og sjefane må væra på lik linje når det gjeld fokus på fiskehelse og trivsel for fisken. Det er også viktig å ha gode nok resurser til å håndtere dei to artane i sjø, legg han til.

Stort engasjement

I fjor arrangerte AqKva den fyrste regionale rensefiskkonferansen, og Waatevik påpeikar at denne vart veldig godt motteke og besøkt av godt over 100 deltakarar.

– Me håpar at årets konferanse vert like vellukka, og ser fram til å verta oppdatert på siste nytt innan teknologi, regelverk og biologi.

Waatevik er klar på at sjølv om ting er vorte bedre det siste året, er dette ein fersk bransje som har behov for meir kunnskap og erfaring.

Programmet til konferansen seier han er i ferd med å bli klart, og har fått tittelen ”Biologisk avlusning med rensefisk – det naturlege er alltid det beste! og vert arrangert 8 juni på Stord.

Publisert: 05.05.2017 , 11.30


Siste saker

X