Er den dyraste løysinga den beste?

«Det er i gode tider ein legge grunnlaget for ein konkurs», sa Per Sævik under Maritim Forening sitt møte i Loen i forrige veke. Medan hans eigne verksemder no kjempar med verknadane av overetablering i offshore-næringa, står lakseprodusentane på ein pristopp basert på underproduksjon og skadeskotne konkurrentar.

Laksenæringa er populær om dagen. Stadig fleire typar serviceverksemder snur seg til havbruket for å finne nye oppdrag. Arbeidsledige, nyutdanna og folk under utdanning leitar etter moglegheiter for si kompetanse. Laksen er utpeika av mange som ein av arvtakarane til oljen i det norske samfunnet. Det forpliktar.

På den eine sida skaper dette sjansar til å løfte næringa, både teknologisk og på humankapital. Kloke hovud som tidlegare ikkje snudde seg etter andre enn store oljeselskap, vil plutseleg vere med og designe neste generasjon oppdrettsanlegg. Utviklingskonsesjonane kunne ikkje kome på eit meir eigna tidspunkt. Søknader ligg no til handsaming for hundrevis av nye løyve, basert på uprøvd teknologi.

Samstundes kan det vere greitt å hugse på at også laksen har hatt sine svingingar. Også prisen på vekst kan bli for høg, dersom spotprisane stuper. Å lansere ny og kostbar teknologi har blitt attraktivt på grunn av den estimerte marknadsverdien av løyva ein kan få til rådvelde, men det betyr ikkje at den dyraste teknologien vil bli allemannseige.

Det er difor eit lite produktivt mål at det berre er dei mest kostbare prosjekta som skal lønast med utviklingsløyve. Ein bør heller sjå på kva samfunnsøkonomisk nytte ein kan få att for kvar krone som vert investert. Sjølvsagt er det flott at milliardar av kroner no vert investert i nye prosjekt som kjem mange teknologimiljø og leverandørar til gode, men målet må framleis vere at ein skal skape mest mogleg nyttige oppdrettsanlegg.

Mange ventar no med å søkje utviklingskonsesjonar fordi dei tenkjer at deira konsept er for billege til å bli tekne opp til vurdering. Det er synd, for truleg vil nokre av dei enkle og rimelege løysingane kunne gje eit svært god avkastning dersom dei slår til. Terskelen for å ta dei i bruk vil vere låg.

Utprøvinga av ny teknologi i havbruksnæringa er no enorm, tvungen eller hjelpt fram av manglande produksjonsvekst, alt etter korleis ein ser det. Men ein skal ikkje gløyme at næringa sprang ut av nøysemd, hardt arbeid, vilje til læring og naturlege føresetnader. Desse elementa bør ein ta med seg også i neste generasjon fiskeoppdrett.

 

Publisert: 27.04.2016, 13.33

Meninger