Kan media bli for kritiske?

– Media er ikkje for kritiske til oppdrettsnæringa. Derimot er dei ofte for ukritiske til eigen kjeldebruk, meinar Øyvind Kråkås.

Når media får sjansen til å framvise påstandar om å vere «for kritiske», er det ikkje unaturleg at dei blir stolte. Den kritiske journalistikken er ein viktig del av samfunnsoppdraget. Media skal vise ei kritisk tilnærming til dei mektige. Ingen skal kunne unndra seg media sitt søkjelys under påskot av å vere for viktige. Det bør gjelde for oppdrettsnæringa, interesseorganisasjonar, fylkesmannen og forskarane.

Den rettskafne mot den tvilsame

Ei sak har alltid meir enn to sider. Og det er svært kjedeleg for dei som skal skrive ei fengande sak på eit par tusen teikn, helst med ei fengande overskrift. Då er det meir fristande å setje to sider steilt opp mot kvarandre. Og enno betre blir det om ein kan skrive dei inn i kjende, effektive tolkingsrammer; mektig mot idealistisk, kunnskap mot grådigskap, samfunnsnytte mot individuell profitt. Dette er vinklingar som sel, herifrå til Hollywood.

«Det blir inga sak om alt er som det skal», var det ein redaktør som sa. Og det er ganske forståeleg. Sokalla «gladsaker» er lågstatus, og forbunde med Norge Rundt og lokalpressa. Men at der er noko som er problematisk, betyr ikkje nødvendigvis at den eine har overkøyrt den andre. Å gje eit balansert bilete av konflikten, bør vere eit ideal. Det er domstolane sin jobb å døme, media bør gje folk innsikt gjennom breidde i informasjonen.

Typiske «knep» for å skape kjensler i ei sak, er å insinuere urett som er gjort mot den avmektige. Her kan framstillinga av kjelder vere avgjerande. Titlar som «lege» eller «forskar» gir automatisk autoritet til kjelda, sjølv om spesialfeltet til vedkomande skulle ligge langt unna det saka handlar om. «Milliardær» eller «direktør» kan verke omvendt. Då er kjelda ein privilegert som har all mogleg grunn til å skjule sine eigentlege omsyn.

Ei rekke slike distinksjonar blir brukt ukritisk, eller i nokre tilfelle kynisk, i journalistikken. Til dømes gir det god sympatisk effekt å henge på titlar som «småbarnsfar», sjølv om dette ikkje vedkjem personen si rolle i saka. Det aukar publikum si evne til å føle medkjensle for ein som føler seg dårleg behandla. Diktatorar og konsernsjefar kan og vere småbarnsfedre, men dei får sjeldan særleg draghjelp av dette.

Når kjelda får makt

Media har ofte vist god evne til å stille kritiske spørsmål til eigarar og tilsette i oppdrettsnæringa, og det er bra. Derimot er journalistane mange gonger svake på å grave i hensikter og kunnskapsgrunnlag hos dei som kritiserer næringa. Altfor ofte blir desse assosierte med samfunnet sine kollektive interesser og moral, utan at ein går vidare inn i argumentasjonen dei leverer.

I nokre tilfelle er det heilt forståeleg at journalisten kjem til kort. Det er til dømes vanskeleg å setje fast ein forskar som vel å trekkje seg inn i eit skal av akademisk finesse og bakgrunnslitteratur. Men verre er det når media sjølve vel å dele ut bonuspoeng til sine kjelder. «Miljøinteresser» kan vel ikkje ha noka eigeninteresse, sjølv om dei i nokre tilfelle strengt tatt berre er naboar som vil ha ein annan bruk av eit område? Ved slike tilfelle fungerer media som «mikrofonstativ» for særinteresser. I verste fall legg ein og til ein kommentar til saka, der ein av mediet sine eigne overdommarar slår fast at «dette er det som eigentleg er saka», basert på summen av eigne oppslag og inntrykk.

Det er ikkje so farleg med dei store sakene som dundrar inn i mediebiletet med kraftig slagside. Saker der media har skjult informasjon, dobbeltrollar eller tidlegare historikk. Dei sakene går det an å gå til rette mot, setje opp mot media sine eigne retningsliner. Verre er det med dei små stikka som blir levert heile tida. Den elegante insinuasjonen om at her er det ein gjeng som prøver systematisk å undergrave samfunnet sine interesser for å male si eiga kake. Oppdrettsnæringa; denne rike, arrogante, omsynslause gjengen som ikkje bryr seg om korkje legar, forskarar, miljøinteresser eller småbarnsfedre.

ke til oppdrettsnæringa. Derimot er dei ofte for ukritiske til eigen kjeldebruk, meinar Øyvind Kråkås.

Publisert: 26.01.2016, 13.04

Meninger