Lite fisk på beinet

Med låg oljepris, oppseiingar og fall i staten sine oljeinntekter, høyrer ein dagleg om lakseoppdrett som ein av dei nye store drivarane i norsk økonomi. Men vegen frå ynskje til strategi går i ulendt terreng.

For det fyrste; laksenæringa (oppdrett, slakting, eksport, foredling og leverandørindustri) har lenge vore viktig for samfunna langs kysten og i fjordane. Desse samfunna har alltid vore i omstilling, og oppdrett har vore ein del av omstillinga frå tradisjonelle fiskeri og kombinasjonsdrift (jordbruk og fiske) og andre typar industri. Oljen har vore ein anna del av omstillinga. Og begge bransjane har utvikla seg frå det utprøvande og tilfeldige til det industrielle og regulerte.

Inntekter til offentleg velferd

Desse sektorane har direkte gjeve arbeid og busetnad i små og store bygder og bysamfunn. I tillegg har dei vore med og gjeve offentleg rikdom. Ressursar som har løfta heile det norske samfunnet gjennom betre tenester og kommunikasjonar. Velferdsstaten er eit fantastisk, tverrpolitisk prosjekt, og med økonomisk utbyte frå viktige ressursnæringar, har han utvikla seg formidabelt.

Tapet av oljeinntekter vil dermed ha ein dobbelt negativ effekt. På det verste kan folk oppleve både å miste jobben, og å møte svekka offentlege velferdsordningar. Ansvaret for å peike ut potensielle vekstnæringar kviler tungt på politikarane. Då er det lett å peike på noko som allereie går godt. Og norsk laksenæring har levert vekst over mange år.

Også laksen slakkar av

Det uheldige er at samstundes med at oljeprisen har falle, har produksjonsveksten i laksenæringa stoppa opp. Produksjonskostnadane har stige bratt. Spotprisen ligg godt an førebels, fleire ynskjer laks enn dei som får fatt i, og mange betalar verkeleg godt for fisken. Kanskje for godt, i det lange løp. Dei brå skifta i pris er ugunstige for kjøparane, som skal selje produkta sine vidare, gjerne til for lengst avtalte prisar.

Graf-produksjon-590x317

Graf: Kontali analyse.

Desse elementa tilseier at laksenæringa kan bli lønsam også i åra som kjem, ho har tålt mykje økonomisk motgang i viktige marknader, og til og med utestenging frå nokre av dei alle beste. Men næringa vil ikkje kome til å vekse, og ho vil difor ikkje ta særleg mykje av for bortfallet av oljeaktivitet. Det er godt å vere inne, men døra inn er låst. Årsakene til dette er fleire.

Strenge grenser for vekst

Norsk lakseproduksjon er beskytta av strenge reguleringar. Du må ha konsesjon frå staten for å kunne produsere laks og aure. Å vere lakseprodusent er eit privilegium, nokre har hevda at det beint fram er eit adelskap. Det kostar uansett stadig meir å bli privilegert med denne retten. Og dei siste åra har slike rettar knapt nok vore for sal.

Politikarane har snørt att sekken for omsetnad av nye løyve, berre med heilt spesielle føresetnader kan du få disponere ein slik rett midlertidig. Opp gjennom åra har den restriktive veksten i lakseproduksjonen vorte grunngjeven med alt frå distriktspolitiske til marknadsmessige omsyn. No er det dei miljømessige omsyna som gjeld. Først og fremst problemet med lakselus.

Dersom ein skal redusere desse problema, og samstundes sjå ein vekst over tid, må der utviklast ny teknologi. Her blir det gjort store investeringar, kloke hovud sit tett for å knekke gåtene. Men det tek tid. Ein kan pøse på med pengar og gode idear, men å industrialisere teknologi tek tid. Og nokre av spora ein går etter, vil ikkje føre fram til målet.

Kvar er det plass?

Det ein og må tenkje på, er at om dette arbeidet faktisk skal føre fram til produksjonsvekst, må ein anten bli i stand til å produsere meir på dei areala ein nyttar i dag, eller ein må få tilgang på andre areal. Dei areala må vere anten på sjø eller land. På land er der som regel knapt med areal, og særleg areal som gjev tilgang på vatn. Kommunar som meiner at oppdrett på land er framtida, bør snarast setje av slikt areal i sine planar. Truleg vil det måtte skje i konkurranse med minst like mange andre interesser som dei ein møter på sjøen.

På sjøen kjenner vi godt friksjonen som er mellom ulike omsyn, og alle mest dreiar det seg om motsetnad mellom oppdrettsaktivitet og fritidsbustader. Stadig fleire skaffar seg hytter, og med det forventningar om næringsfrie område rundt seg. Ei satsing på hyttebygging viser seg dermed å bandlegge mykje kystareal. Denne motsetnaden talar i disfavør av ein vekst i lakseøkonomien.

Dei kystnære områda som ikkje vert omfatta av fritidsinteresser, naturvern eller annan næringsaktivitet, bli stadig mindre. Med dette peikar ein på ope hav som ei alternativ lokalisering for fiskeproduksjon. Fleire spanande prosjekt blir synte fram no. Solide ingeniørbragder, massive installasjonar i robuste materiale.

Men heller ikkje ope hav er «ingenmannsland». Fiskeri, skipsfart og oljeutvinning er allereie i desse områda. Og tunge næringar som kraftproduksjon vurderer havet som nye produksjonsområde. Dessutan vil desse anlegga krevje ein heilt ny type logistikk, ikkje minst i høve til personell. Arbeidsplassane må vere like sikre som dei vi har i dag. Kanskje vil løysinga vere ei automatisering som krev stadig færre tilsette for å produsere laks.

Nok eit alternativ er under utprøving; lukka anlegg nær land. Dette har vorte framheva som akseptabelt for mange av dei som tradisjonelt ikkje ynskjer oppdrettsanlegg velkomne. Men vil ein i realiteten få lov å plassere desse der det ikkje blir akseptert oppdrettsaktivitet i dag? Det bør helst avklarast før ein brukar mykje meir ressursar på å utvikle denne teknologien.

Det er det offentlege som styrer over alle desse areala, og avgjer kva bruk dei skal ha. Det vil difor bli opp til politikarar og forvaltning å bestemme kvar norsk laksenæring skal få lov til å utvikle seg. Dersom ein ynskjer at laksen skal avlaste oljen som samfunnsstøtte, bør desse disposisjonane bli gjort ganske kjapt og tydeleg.

Publisert: 16.06.2016, 11.53

Meninger