Mønsterbruka

Resultata frå drifta i 2015 ligg på bordet, og det gir ei velfortent merksemd til mange lokaleigde lakseprodusentar. Dei 10 største aktørane kontrollerer omlag 70 % av den norske lakseproduksjonen. Men blant dei siste 30 prosenta finn ein mange av dei verkelege mønsterbruka, lokaleigde selskap med driftsmarginar godt oppe på 30-talet.

Det typiske for desse selskapa er at dei har god biologisk kontroll, og har fylgt ein fastsett produksjonsstrategi over tid. Då Salmon Group for ei tid attende gjorde ei analyse av MTB-utnyttinga hos aksjonærane, fann vi at der var fleire ulike tilnærmingar til ein tilfredstillande produksjon. Nokre har optimalisert utnyttinga av løyva sine, medan andre har valt ein produksjonssyklus der dei har ein avgrensa slakteperiode, og unngår ekstra risiko og høge grensekostnader.

Det er og typisk for dei lokaleigde selskapa at hovudeigarane er aktive i drifta. Som regel er det enno 1. eller 2. generasjon lakseoppdrettar som styrer selskapet, eller gjerne ein kombinasjon av både 2 og 3 generasjonar. Fisken og drifta har hovudfokus, dei brukar lite tid på finansielle krumspring eller nedstraums aktivitetar. Derimot har dei tett kontroll oppstraums, mange har eigne setjefiskanlegg eller faste smoltleverandørar over tid.

Eksportleddet er vesentleg for oppdrettarane, det er ikkje nok å produsere ein god fisk om du ikkje oppnår ein god pris. Dei beste resultata kjem av gode prisar kombinert med biologisk kontroll og kostnadskontroll. Dei to siste faktorane heng tett saman, kostander ved avlusing og tilhøyrande fiskevelferdsproblem har vore den raskast voksande delen av kostnadsbiletet.

Med ein frisk og fin fisk får eksportørane det beste utgangspunktet for å vende seg mot godt betalande kundar. Arbeidet som er gjort med å finne andre marknader etter at dei russiske sanksjonane trådde i kraft i 2014, har vore imponerande. Auren har vist seg litt vanskelegare å omstille enn laksen, dette kan få konsekvensar for produksjonsvoluma i åra som kjem.

Ironisk nok kan tiltak som er meint å betre miljøet og fiskehelsa vere med å grave grunnen under dei flinkaste oppdrettarane. Soneinndeling og andre tiltak kan kaste om på dei etablerte, velfungerande produksjonssystema, og krevje akutte endringar med usikker effekt. Store konsern får sin feilmargin ivareteken  gjennom fleksible ordningar, dei mindre aktørane kjem i klemma. Ein kan spørje seg om det blir dei mest plikttru og nøkterne som blir ofra, for å oppnå vekst for bransjen samla sett.

Publisert: 18.07.2016, 08.56

Meninger