Tilsvar: Påstanden om at Fylkesmannen driv ein kampanje mot oppdrettsnæringa

Fylkesmannen kan ikkje kommentere einskildsaker som er under handsaming, anten i kommunane eller i departementet v/ setjefylkesmann. Men vi vil likevel kommentere påstanden om at Fylkesmannen driv ein kampanje mot oppdrettsnæringa. Dette er sjølvsagt ikkje rett.

Les også: Møter lita forståing hos Fylkesmannen

Tvert om ønskjer vi å medverke til at den veksten som er varsla i næringa skal kunne skje med forankring i gode kommunale planar og at den skal vere berekraftig, slik målsetnaden er. Vi har forståing for at einskildaktørane i næringa ønskjer raskast mogelege avklaringar, for å kunne ta i bruk nye driftsmetodar som dei meiner er fordelaktige.

Men vi meiner samstundes at den raskaste og beste måten å sikre næringa si vidare utvikling på ikkje vil vere å utfordre det etablerte, lovgjevne plansystemet i eit stort tal saker, men i staden medverke aktivt i opne kommunale planprosessar.

Større areal

Vi registrerer for tida at mange av aktørane i akvakulturnæringa ser seg om etter nye- og ofte vesentleg større areal enn det vedtekne kommuneplanar opnar for. Fylkesmannen ser det då som ei stor utfordring at oppdrettsnæringa, i eit relativt stort tal saker, ikkje legg plan og bygningslova sine samla, generelle krav om planstyrt arealbruk til grunn for si utvikling. I staden for å signalisere og kanalisere sitt auka arealbehov inn mot kommunane sine ordinære, opne og overordna planprosessar, vert ønskje om arealutvidingar ofte fremja som søknad om dispensasjon frå generelle lovkrav og/ eller frå tildelt areal i kommuneplanar.

Søknadane er gjerne grunngjevne med nokså like og generelle argument om at ein, ved å ta i bruk nye anleggstypar eller driftsmetodar, vil oppnå betre fiskehelse, sikre mot rømming eller betre miljøtilstand i anlegga og tilhøyrande fjordsystem, gjerne utan at effektane av desse føremonene er klårt og eintydig dokumentert.

Det er først og fremst gjennom kommuneplanarbeidet at ein kommune har høve til opne opp nye areal for utbygging og verksemd. Og i kommuneplanen skal kommunane samordne og vurdere alle dei legitime interessene i sjøområda. Ein vil her kunne vise verknaden av det einskilde akvakulturområde og ikkje minst næringa sitt samla fotavtrykk og vurdere dette opp imot andre viktige samfunnsomsyn som naturmangfald, sjøverts ferdsle, fiske- og fiskeriinteresser samt friluftslivet og andre næringar sine arealkrav.

Plan og bygningslova opnar såleis i utgangspunktet ikkje for utstrakt bruk av dispensasjonar frå overordna plan. Dei er berre meint å kunne nyttast ved klåre unnatak. Vidare skal  dei berre nyttast i dei høve der andre omsyn som er sikra i kommuneplanane ikkje vert vesentleg sett til side og der det ligg føre ei klår overvekt av omsyn som taler for dispensasjon. I fleire av dei søknadane om dispensasjon som vi i det siste har rådd i frå eller gått imot gjennom å nytte klageretten, meiner vi det ikkje er tilstrekkeleg vurdert og dokumentert at desse allmenne verdiane og omsyna ikkje vert vesentleg sett til side. I slike høve meiner Fylkesmannen at lova reelt sett ikkje opnar for å kunne gje dispensasjon.

Men dersom kommunane finn at det likevel kan vurderast dispensasjon i ei sak, må ein òg alltid vurdere om nytten av tiltaket er stor nok til å setje andre omsyn til side. Sjølv om den einskilde søkjar gjerne ser klåre føremoner ved å endre/ modernisere driftsforma, vil desse argumenta etter Fylkesmannen sitt syn ikkje automatisk og alltid kunne vege tungt nok til å setje dei allmenne interessene til side.

Andre lovkrav

I tillegg til sjølve arealspørsmålet er det ofte naudsynt å dispensere frå andre lovkrav, som til dømes den generelle planleggings- og utgreiingsplikta som òg ligg innebygd i lova. Og reglane som er gjevne sakshandsaminga er det ikkje høve til å dispensere frå i det heile. Til slutt må ein leggje vekt på at sakene generelt er nokså like, slik at faren for presedens og ei påfølgjande generell tilsidesetjing av andre viktige omsyn og føresetnader i lova, vere stor.

Dette er årsakene til at Fylkesmannen i fleire saker no, og i fleire kommunar, har vore tydeleg på at ein vidare berekraftig vekst i oppdrettsnæringa ikkje kan skje ved å dispensere frå gjeldande, vedtekne planar.

Utstrekt bruk av dispensasjonar vil tvert om kunne utvikle seg til eit generelt rettstryggleiksproblem. Dessutan tek dei tid, krev store ressursar i mange ledd og vert ofte ein tidstjuv i saksgangen. Fylkesmannen ser mange døme på at det å «gå planvegen» truleg ville gitt ei raskare avklaring på spørsmålet om nytt eller utvida areal for oppdrett kan tillatast.

 

Publisert: 24.11.2015, 14.19

Meninger